Eg siktar her til hovudoppslaget i avisa Tidens Krav av 9. juli. Her kan vi lese om Muriel Michelsen på 96 år som blei plassert på eit rom på sjukeheim i Kristiansund etter at ho glei og fall på golvet i leiligheta si.  Ho blei plassert på eit rom utan toalett, såpe eller handkle. Denne situasjonen opplevde Michelsen som sterkt nedverdigande, naturleg nok. Slike hendingar skal våre pleie- og omsorgstrengande eldre sleppe å oppleve!

Derfor er det så viktig å få fram at i ein situasjon kor talet på eldre vil auke sterkt i mange kommunar er det ikkje vegen å gå og i for stor grad redusere talet på institusjonsplassar. Sjølv om den heimebaserte omsorga er til stor hjelp  i mange tilfelle kan ikkje denne hjelpa i alle samanhengar erstatte dei tenestene som blir ytt ved sjukeheimane.

Pensjonistforbundet (Pf) har gjennom mange år peika på kor viktig det er å ha nok sjukeheimsplassar når den mykje omtala «eldrebølgja» sett inn. Leiaren i Pf sitt helseutval, Jon Skarvøy, har i mange samanhengar peika på kor viktig det er at kommunane har gode planer for eldreomsorga si. På dette området skortar det mange stader.

Vi går etter kvart mot eit nytt kommuneval i 2019. Verdighet i eldreomsorga bør bli eit viktig tema i denne valkampen.

Johs. J. Vaag