Tronge kommunebudsjett sett eldreomsorga på prøve i mange kommunar. Nedlegging av sjukeheimsplassar og mangel på omsorgsbustader er ikkje uvanleg rundt om.

Surnadal kommunestyre sitt fleirtal vedtok 14. desember i fjor å legge ned 8 sjukeheimsplassar for å få kommunebudsjettet for 2018 vel i hamn. Frå før hadde Surnadal kommune lagd ned 20 institusjonsplassar. 15 av desse skreiv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Dei 5 andre var nedlagde sjukeheimsplassar ved Surnadal sjukeheim Med dette har det til saman blitt 28 færre institusjonsplassar på få år i Surnadal. Dette er mykje!

I den rådande situasjon undrast eg på om det er nok omsorgsbustader i kommunen. Eg er klar over at dei tilsette innan dei heimebaserte tenestene i Surnadal utfører ein framifrå jobb. Men, av og til kjem ein i ein situasjon kor det ikkje går an å bu heime lenger. Er det da ikkje tilstrekkeleg med sjukeheimsplassar bør det i alle høve vere nok omsorgsbustader til rådvelde. Eg stiller meg spørsmålet om det er nok omsorgsbustader i Surnadal i forhold til behovet?

Framskrivingstala til Statistisk Sentralbyrå syner ein stor auke i talet på 80-åringar allereie frå 2019 av og vidare fram til 2030 i Surnadal. Dette er ikkje lenge til. Det er fire månader att av 2018.

I Pasient- og brukarombudet i fylket si årsmelding for 2016 heiter det om utviklinga med nedlegging av sjukeheimsplassar i fleire kommunar: «Nedlegging og omgjøring begrunnes ofte med at kommunene skal satse mer på hjemmebaserte tjenester, som er bra i seg selv. I tillegg ligger det ofte et krav om økonomisk innsparing til grunn for endringen. Vår oppfatning er at med prognosene for alderssammensetningen i befolkningen i de nærmeste årene, vil det være et økende behov også for sykehjemsplasser – ikke færre, men flere.»

Dei folkevalde i Surnadal skal om ikkje lenge starte arbeidet med å meisle ut eit kommunebudsjett for året 2019. Vedtaket om stenging av dei siste 8 sjukeheimsplassane skal, slik eg har forstått det, vere midlertidig. Det må da bety at spørsmålet om stenging må vurderast på nytt i samband med utarbeiding av Surnadal kommune sitt budsjett for komande år. Eg går ut i frå at det som sjølvsagt blir gjort ei slik vurdering. Dette blir eit utfordrande og krevjande arbeid, slik eg ser det. Eg er er likevel redd for at nedleggingsvedtaket blir varig. Som eg har sagt fleire gonger tidlegare: Eg blir glad om eg tek feil.

Trass alle nedleggingane må ein sjølvsagt sjå positivt på framtida og gjere det beste ut av situasjonen. Heimebasert omsorg er Surnadal flink på. Slik stoda er i dag kjem dette vel med no. Dei tilsette innan pleie- og omsorgstenestene utfører gjennomgåande ein framifrå jobb! Det er bra. Lykke til vidare i ein krevjande kvardag.

Johs. J. Vaag