Legevakt - tilbake til tenkeboksen

"Dette er ei så alvorleg sak at kommunestyret bør vurdere dette på nytt".

Arne Drøpping, KrF. 

Meninger

Eg har skrive mange lesarinnlegg i løpet av dei åra eg har vore aktiv i politikken i Sunndal.  Men dette blir spesielt. For no oppfordrar eg om å gå tilbake til tenkeboksen i saka om legevakt, som allerede er avgjort i kommunestyret.  Eg trur nok at alle hadde eit ønske om å gjere det som er best for folket i Sunndal.  At det skal vere kort veg til legevakt er derfor eit naturleg ønske. Det var vel grunnen til at fleirtalet sa nei til samarbeid med dei andre kommunane om legevakt. Midt oppi ønske om nær legevakt var det nok mange som glømte å lytte til legane sjølv.  Dei har kome med tydelege og alvorlige signal, både like før og etter at vedtaket vart gjort i kommunestyret.

I staden for å få kort veg til legevakt trur eg Sunndal kommunestyre har gjort eit vedtak som vil svekke både legevakt og sjølve legedekninga i lang tid framover. Legar kan som alle andre, ikkje tvingast til å søke jobb ein plass. Riktig nok kan mange bli lokka til Sunndal med flott natur, men kva hjelper det når dei ikkje har tid til å vere der. Det er god grunn til å tru at dei heller søker jobb i nabokommaunar med færre vakter. 

Dette er ei så alvorleg sak at kommunestyret bør vurdere dette på nytt. Som kjent er det slik i Sunndal at det ikkje blir forandring før Arbeiderpartiet kjem med ei ny vurdering.

Ålvundfjord 10/9 -18

Arne Drøpping - kommunestyrerepresentalt for KrF.