- Vedtaket de har gjort set både stabil legevakt og ei stabil fastlegeordning på spel

Til ordfører Ståle Refstie.
Meninger

Du er ordførar, du leiar eit fleirtalsparti i Sunndal, har deltatt aktivt i å utarbeide vedtaket om fortsatt åleine-legevakt i Sunndal, og har også skrytt av vedtaket på denne FB sida. Som ein av fastlegane vedtaket i stor grad har konsekvens for, vel eg derfor å utfordre deg her. Eg måtte bruke nokre dagar på å fordøye dette først, for eg må innrømme at eg vart kraftig provosert over den einsidige prosessen og over det vedtaket fleirtalet med Sunndal Arbeiderparti i førarsetet har fatta. Denne opplevinga deler eg med dei andre fastlegane.

Vedtaket vart fatta mot klare faglege råd frå administrasjon og samtlege fastlegar, og der de totalt neglisjerte kommuneoverlegen sitt og våre faglege innvendingar. Det bør uroe dykk at de etter dette har mista tilliten hos fastlegane. Kommunen er heilt avhengig av eit fortsatt positivt samarbeide med fastlegane for å kunne tilby innbyggarane ei fortsatt god legevakt og ei stabil og god fastlegeteneste. Eg rådar det politisk fleirtalet i denne saka til å lytte til legane. Eg ber deg lese nøye gjennom det eg her har på hjertet, sjølv om det blir relativt mykje, og svare godt på dei spørsmåla eg stiller.


DUGNADSÅND

Legevakta har fungert godt i Sunndal, takka vere fastlegane som har stått for 100 % av organiseringa og gjennomføringa av ordninga, med unntak av at kommunen har bidratt til ei vikarordning i feriar og høgtider. I motsetnad til det mange er klar over har vi gjort ein stor frivillig ekstrainnsats for legevakta. Vi har akseptert å bruke eigne kontor, eige utstyr og medikament, enno dette er eit kommunalt ansvar. Vi har akseptert 8 - delt vakt sjølv om dei fleste andre fastlegar i fylket har klart mindre vaktbelastning. Vi har dekt opp for kvarandre ved sjukdom og fråvær, overtatt vakter på kort varsel for å unngå at kommunen skulle stå utan legevakt. Vi har valt å ikkje avspasere kommunal tid etter vakter med aktivt arbeid etter kl 23, eller ved kontinuerleg arbeid i 8 døgn, som vi til dømes får i samband med helgevakter, noko regelverket gir oss rett til. Stefan Sass har frivillig tatt på seg å organisere legevakt. Eg har frå 1992 tatt på meg det medisinske ansvaret for kommunen si krisegruppe, noko eg heller ikkje kan påleggast. Det har medført ei periodisk betydeleg arbeidsmengde på kveld, helgar og i feriar, noko som først dei siste 1-2 åra har blitt kompensert økonomisk. Eg nemner også at Svein Anders Grimstad frivilleg har ivaretatt kommuneoverlege-funksjonen i mange år. Vi kan kun påleggast almen-medisinske oppgåver, noko desse funksjonane ikkje er.

Heile denne frivillige innsatsen står no på spill, og om vi avsluttar berre delar av den vil det få store konsekvensar for både legevakt og fleire kommunale tenester.


PROSESSEN

Administrasjonen leverte ei tydeleg innstilling, der det kom fram at fortsatt lokal legevakt ikkje er berekraftig. Vi legane skreiv ein uttale til kommunestyret etter at samtlege fastlegar hadde vore samla og hadde uttala seg. Dette valde de å totalt oversjå. Brevet frå legane vart nemnd i ei setning av fleitalskonstellasjonen, men innhaldet vart ikkje referert eller drøfta. Derimot brukte de lang tid på å referere høringsuttalar frå legar utanfor Sunndal gitt for 1.5 år sidan, lenge før vilkåra for ei felles legevakt var klargjort. Vilkåra er fortsatt ikkje heilt klargjort, men prosjektet som de sa nei til ville ha avklara det. De la openbart også vekt på uttalar frå andre fagforeningar som Sunndal Kjemisk og Fagforbundet. Det bør vere eit paradoks at desse fagforeningane som ba om fortsatt lokal legevakt aldri ville ha akseptert tilsvarande vaktordningar for sine medlemmar slik vi no vart pålagt.

Ein stor del av argumentasjonen gjekk på kor viktig det var med fortsatt lokal legevakt for sjukeheim, korttidsavdeling, KAD- seng, kronisk sjuke, samt det praktisk tungvinte i for innbyggarane å kjøre til Molde for legevakt. Gode argument, men etter vårt syn ville vaktsatelitten som ligg i fellesvaktordninga med 2 timer lokal vakt på kveldstid og 4 timar på helgedagar i stor grad kunne dekka desse behova, dette valde de å sjå bort frå.


Eg har følgande spørsmål til deg om denne prosessen:

KVIFOR sørga ikkje du som ordførar for å få fram konsekvensar vedtaket om fortsatt legevakt ville ha for kommunalt tilsette legevaktslegar og kor sårbar legevakta vil bli om kommunen fortsatt står åleine?

KVIFOR korrigerte du ikkje i kommunestyret det gjentatte og feilaktige argumentet om at vi er private næringsdrivande og derfor berre må akseptere urimelege vaktordningar ?

Legar i kommunal legevakt er som kjent kommunalt tilsette med fast beredskapslønn, med krav og sosiale ordningar som andre kommunalt tilsette. Det kommunestyret vedtok var dermed ei merkbar innskjerping av kommunalt tilsette legar si plikt til å ofre fritida si for ei fortsatt kommunal legevakt. Pr. idag jobber vi gjenomsnittleg 20 timar vakt på fritida pr veke. Frå 2020 blir det 6 - delt kontinuerleg vaktbelasting når turnuslegane ikkje kan ha sjølvstendig vakt, altså 26.5 timar i veka. Når 2 av legane går ut av vaktordninga ved fylte 60 år vil det frå 2023 bli 40 timar ekstra pr. veke for dei resterande legane. Det vil isåfall bety 80-95 timars arbeidsveke.

KVIFOR lytta de ikkje til argumenta til den yrkesgruppa som står for 100 % av gjennomføringa av legevakt, og dermed bør ha gode føresetnader for å skjønne korleis ordninga fungerer? I tillegg er det vi som må ta den store belastninga av fortsatt lokal legevakt slik vedtaket er formulert

Det vart i debatten brukt som argument at vi har ei moralsk plikt til å ivareta sjuke og gamle gjennom fortsatt lokal legevakt. SYNES DU det er greit å argumentere slik overfor leger som allereie bruker 4 timar av fritida si dagleg for å ivareta lokal legevakt, og som med vedtaket får auka dette ytterlegare? Og for å snu litt på det moralske argumentet : Har ikkje kommunen ei moralsk plikt til å sørge for at kommunalt tilsette legar har fritid til restitusjon, bidra i familiane sine oppgåver, ivareta sine barn og gamle foreldre ? Skal legane i motsetnad til andre kommunalt tilsette fortsatt og i enno større grad bruke store delar av fritida si til å sikre kommunale tenester? Samfunnet elles går som kjent i retning av meir fritid og mindre belastande vaktordningar.

KOR MANGE TIMAR av fritida vår kvar dag synes du Ståle det er greit å pålegge oss å ha vakt for at kommunen fortsatt skal ha eiga legevakt ? KVA ANDRE kommunale arbeidstakarar kan de

tenke dykk å pålegge liknande vaktordningar for å sikre at innbyggarane skal kjenne seg trygge og ivaretatt ? Har de tenkt over den klart auka risikoen det er for alvorlege feilvurderingar når legane på vakt er utsletne og søvnlause?


KONSEKVENSAR AV VEDTAKET

Eg har tidlegare skreve at vi etter vedtaket revurderer den store frivillige ekstrainnsatsen vi har gjort i forhold til legevakt. Sunndal står no som einaste kommune i Møre og Romsdal utanfor ei felles vaktordning, fleire av desse har bemanna legevaktssentralar med sjukepleiar og anna personell, og det er klart mindre vaktbelasting i desse ordningane enn Sunndal vil få. Det vil bl svært utfordrande å rekruttere legar hit når Sunndal med ei vaktbelasting som eg nemnde tidlegare i innlegget skal konkurrere mot andre kommunar med langt mindre belastande vaktordningar. Minner her om at unge legar generelt ikkje er villig til å ofre fritida si slik som tidlegare legar har måtte gjere, når det finns alternative ordningar som ivaretar behov for fritid. Det har dei siste åra vore 70-80 % kvinnelege medisinarstudentar noko som vil forsterke denne tendensen ytterlegare. Unge legar er også generelt redde for å stå åleine i det faglege arbeidet sitt.

På legemøtet nyleg uttrykte fleire av legane at dei ikkje var villige til å leve med ei slik vaktbelasting som de no har vedtatt over tid, og heller flytta frå kommunen. Om berre ein eller 2 legar sluttar, og ein ikkje umiddelbart får rekruttert nye, vil kommunen kunne kome i ein svært vanskelig situasjon. Viss de fortatt ikkje skjønner det potensielle alvoret i dette, vil eg råde deg til å ta ein telefon til din ordførarkollega i Rauma,ei ganske lik kommune til Sunndal der det no er krise i legedekninga.


Vedtaket de har gjort set både stabil legevakt og ei stabil fastlegeordning på spel.

Fleirtalet har no eit stort ansvar for å sikre fortsatt god og stabil legevakt og fastlegeteneste i Sunndal. Du skreiv i din status at fortsatt legevakt i Sunndal er utfordrande. I og med at fleirtalet bak vedtaket fjerna den siste openbare sjansen for eit legevaktssamarbeid med andre kommunar reknar eg med de har ein klar plan og klare tiltak for korleis de skal løyse situasjonen. Noko anna ville vere uansvarleg. Eg vil be ordføraren her informere om kva tiltak de planlegg. I vår uttale til kommunestyret kravde vi at kommunen fristiller fastlegane for vaktplikt og sjølv overtar organisering av legevakt, til dømes ved å tilsette eigne kommunale legevaktslegar.