Nei og atter nei til rotenonforgifting av Driva

Sunndal SV har heile tida gått sterkt imot planen om å drepe all fisk i Driva med plantegifta rotenon.
Meninger

Men somme andre parti som ytra skepsis til å begynne med gav etter kvart opp. Såleis i kommunestyret 6. september 2017, da SV-gruppa fremma dette forslaget: "Sunndal kommunestyre er svært misnøgd med stoda når det gjeld fiskesperra. Kommunestyret meiner primært og prinsipielt at sperra bør rivast, og at planen om forgifting av elva bør skrinleggast." Forslaget fekk ikkje fleirtal. Dei fleste stemte imot forslaget vårt. Det gjeld til dømes representantane for Senterpartiet.

Eg lova da at Sunndal SV vil fortsette kampen mot rotenonforgiftinga av elva ved alle høve.

No har det komme eit nytt element i saka. I nrk.no kunne ein nyleg lese dette om kampen mot gyro-parasitten: «Eit forskingsprosjekt (med klor) i Batnfjordelva på Nordmøre dei siste to vekene har gitt oppløftande resultat. Den store fordelen med klor er at det ikkje skader andre enn parasitten, verken fisk eller botndyr. Til samanlikning drep rotenon alt liv med gjellar.»

Etter mitt syn styrkar dette kampen mot planen om rotenonforgifting av elva. Det må aldri skje. Sunndal SV vil halde fram med å kreve at planen om slik «behandling» av elva blir lagt på hylla ein gong for alle.


Erling Outzen

Gruppeleiar for SV i Sunndal kommunestyre