Ingunn Karijord (KrF) tar ein Trump

President Trump tar det ikkje så nøye med å tale sant, som kjent. No må eg dessverre melde at det same gjeld Ingunn Karijord (KrF).
Meninger

Karijord skriv i eit lesarinnlegg i Aura og Driva blant anna at SV er «eit parti som har hatt væpna revolusjon på programmet.»

Dette er ikkje tilfellet.

SV sin forløpar Sosialistisk Folkeparti (SF) blei danna i 1961, først og fremst av folk som var imot atomvåpenopprustinga. Ungdomsorganisasjonen til dette pasifistisk prega partiet var SUF, Sosialistisk Ungdomsforbund. SUF blei på slutten av 1960-talet overtatt av ei gruppe som var tilhengarar av den kinesiske diktatoren Mao Zedong, og dei braut i 1969 med det reformistiske og demokratiske moderpartiet SF.

SUF gjekk inn for væpna revolusjon, SF ikkje. Nettopp derfor braut SUF med SF og ville bygge opp eit nytt parti, eit kommunistisk parti.

SUF (m-l), som dei no kalla seg, blei til AKP (m-l) i 1973, og stilte til valg som RV heilt fram til namneskiftet til Raudt for få år sidan. AKP (m-l) gjekk i mange år programmatisk inn for væpna revolusjon.

SF blei til SV, og har aldri hatt væpna revolusjon på programmet, slik Karijord skriv. Det var jo nettopp spørsmålet om væpna revolusjon eller den fredelege reformvegen som var ein av dei store skilnadene mellom AKP (m-l) på den eine sida og SV på den andre sida.

Eg ber Ingunn Karijord halde seg til sanninga heretter.


Erling Outzen

Leiar i Sunndal SV