Svar til Ingunn Karijord og Sunndal KrF

"Eg set som Karijord pris på ein god diskusjon, men det er ofte eit premiss at ein diskuterer same sak."
Meninger

Laurdag formiddag la eg denne statusen ut på facebook.

 «Ser i AuraAvis at Ingunn Karijord og KrF er lei AP sin maktarroganse i Sunndal. En uttalelse, beskyldning som kommer uten begrunnelse. Undrer meg over dette, og undrer på om hun egentlig er lei av at velgerne i Sunndal stemmer AP. Og at de dermed får AP politikk. Vi snakker i dag ofte om en anstendig debatt, dette er i stor grad frontet av spesielt KrF. Jeg føler ikke en slik uttalelse er med på å fremme en anstendig debatt»

Eg set som Karijord pris på ein god diskusjon, men det er ofte eit premiss at ein diskuterer same sak. I Karijords innlegg blir eg, som representant for AP, og resten av partiet skulda for maktarroganse. Karijord kan ikkje vera forundra over at eg gjerne vil ha ei grunngjeving for påstanden.

Grunngjevinga til Karijord for skuldingane om arroganse er legevaktsaka som har vore handsama i haust. Det er ei sak som har vore krevjande for oss politikarar. Det trur eg gjeld for alle partia i kommunestyret. Då saka kom og skulle behandlast 05.09. meinte vi i Arbeiderpartiet at lokal legevakt var viktig for tryggleiken til innbyggjarane og vi ønskte å oppretthalde den. Vi fekk eit saksframlegg, med tilråding frå rådmannen og ein rapport som beskreiv pilotprosjektet. Det var mange av oss som vart uroa over det vi las i rapporten, og som meinte at det beste for innbyggjarane i Sunndal kommune var å arbeide for framleis å behalde ei lokal legevaktsordning. Samstundes (29.08.) sendte legane eit ope brev til kommunestyret gjennom lokalavisene våre. Det følgde ikkje sakspapira. Vi trudde at vi hadde ei «godtfungerende legevakt», som det sto i saksutgreiinga og at vi kunne greie å behalde den. Endringar måtte det gjerast og kostnadar ville det sikkert bli. Likevel landa vi på at vi ønskte å arbeide for det.

Saka vart prøvd teke opp igjen av SP i ØP-møtet 25.09., men som Karijord sikkert veit kan ikkje ØP oppheva eit vedtak fatta i kommunestyret. Same dag kom eit nytt brev frå legane, denne gongen til kommunen, om at dei «kasta korta» og sa opp avtalen om drift av legevakta i Sunndal frå 01.01.2019. Vi hadde ikkje lenger ei godtfungerande legevakt i Sunndal og det kom fram at arbeidshøva til legane ikkje var gode og etter avtalar og reglar, slik vi trudde. Vi bad om at legane måtte komme i kommunestyret og informere. Vi tok omsyn til nye opplysningar og vi endra vedtaket etter interpellasjonen frå SP. Om Karijord meiner det er arroganse i ei politisk sak så får det stå for hennar rekning, eg meiner det motsette.

Vidare i svaret sitt til tillegg ho meg, og andre i Sunndal AP, meiningar og motiv kring dei siste vekers politiske drama om KRF sitt sideval i norsk politikk som eg ikkje kjenner meg att i. Eg har ikkje «vridd meg i godstolen over den store plassen KrF har fått i media». Eg har fylgt saka med stor interesse og har vore imponert over den opne diskusjonen som har vore. No ynskjer eg KrF lukke til i regjering med Høgre, Venstre og Framstegspartiet. At eg hadde ynskt meg eit anna utfall kan ikkje overraska Karijord, alt med at eg er medlem i AP. Likevel er det med ei viss undring eg les «Om eg hadde brukt Aps makt sentralt som argument for mitt syn i AuraAvis, hadde det hatt same verknad: Sunndal AP hadde tradisjonen tru rykka ut massivt for å gje meg motbør» Om ho meiner mitt spørsmål på facebook er å rykka massivt ut kan eg ikkje vera einig. Så vidt eg kan sjå både på sosiale media og i avisa er eg den einaste i AP som har stilt deg spørsmål om kva du meiner med påstanden din, som du sjølv seier du har fremma både lokalt og nasjonalt i ymse medium.

I innlegget ditt kjem du med fleire påstandar om kva andre har meint i min tråd. Det er vanskeleg for meg å svare ut frå kva andre meiner, men eg tillet meg å meine at du trekkjer synspunkta som har komme fram vel langt og i somme høve er dei regelrett feil, som til dømes at SV har væpna revolusjon på programmet. Eg trur ikkje slike påstandar fremmar ei god debatt. Ansvaret for redeligheit har både eg og du.

Til slutt

Eg undra meg i facebock-oppdateringa mi på om Ingunn Karijord og Krf var lei av at veljarane i Sunndal har stemt på Arbeiderpartiet og vår politikk. Svar fekk eg.

«Lusie Gjersvoll spør om eg er lei av at sunndalingane stemmer AP, og til det vil eg sjølvsagt svara ja».

Eg er ikkje lei av veljarane. Eg håper dei som stemte på vårt program og vår politikk har fått det dei stemte på.


Lusie Gjersvoll