Næringsutviklingsarbeid i Sunndal

Næringsforeninga i Sunndal inviterte i går til frokostmøte med næringsutviklingsarbeid som tema.

Jørgen Singsdal (Sp)   Foto: Ingrid Ellevset

Meninger

Det var innleiarar og paneldebatt. Ein av innleiarane hevda bla. at det vart ikkje penger av lokalmat og sauehald.(oppslag  i Aura Avis)

Sunndal Senterparti er derimot av den oppfattning at ein må stimulere og markedsføre gardutsal og lokalmat, natur-kulturbaserte opplevingar og reiseliv. Det kan nemnast at Mosbøen gard i Øksendal er eit prisbelønna lefsebakeri.

Beitedyr inklusivt sau  som landskapspleiarar er samfunnsmessig viktig for kulturlandskapet og reiselivet.

Sunndal er ein industrikommune med hjørnesteinbedrifta Hydro Aluminium. Vi meiner det er særskilt viktig i vår kommune å stimulere til nyskaping, utvikling av eksisterande verksemder og anna grunderverksemd. Alle næringer er i utgangspunktet like viktige


Den som tør, og har kraft til å starte eiga bedrift, eller utvide eksisterande foretak må vi framsnakke og møte med ei positiv haldning.



Sunndal Senterparti

Jørgen Singsdal