Lesarbrev frå Bernt Bøe

Tonetankar ved juleslutt

"Med femti års fartstid innan julemusikk av (nesten) alle slag undrast også eg over ein konserttittel med slikt vulgært preg".

Bernt Bøe. 

Meninger

Jula er forbi. Konsertane og julesamlingane like så. Det er tid for nødvendig refleksjon. Kvar er vi på veg?

Maren Larsen og Dordi Skuggevik har, på vegner av mange, stilt spørsmål ved noko av den mest «moderne» julekulturen. Eg støttar dei. Kan vi forsøke å sjå ting i perspektiv?

Jula si historie toler debatt. Men ingen vil vel ha tilbake dei groteske midtvinterblota? Som ved tunge løft gradvis vart erstatta av Krist-messa og det vakre som hører vår jul til. Vel overvintra mange mørke element frå heidenske solsnu-fester i hundreåra som kom. Men foredlinga skjedde: Vi fekk jula som lysets rette høgtid.

Essensen av høgtida

Ikkje minst med fantastiske toneskattar knytt til barnet i Betlehem - frå «Julekveldsvisa» til «Juleoratoriet». Og som Åste Dokka – smått ironisk, rett nok – uttrykkjer det i avisa Vårt Land: - Hvis sang er det fremste folkelige uttrykk for tro, bør jula tjene som bevis på at vi er et kristent folk.

Millionar opplevde det no igjen – i tusenvis av konsertar og samlingar: Musikken og songen om Jesusbarnet gir oss essensen av høgtida.

Men kva om vi oppfører oss slik at høgtidstonen om det sentrale går tapt? For ei stussleg jul!

Har sunge jula inn

Kanskje skal vi påminne kvarandre om at den vakre julemusikken er ikkje noko sjølsagt. Den har faktisk kosta kamp! Salmisten Brorson ropa for 300 år sia eit varsko mot den tids utskeiande «julestuer», der umoralens «festkultur» frå heidenskapets tid enno florerte. Protestskriftet «Nogle Jule-Psalmer» peika på at «I denne søte juletid» skulle ein seg fornøye på «rett» vis. Og kva rett juleglede er, syner han oss i «Den yndigste rose», «Her kommer dine arme små», «Mitt hjerte alltid vanker» og andre usloknande stjernetekster.

Så flott med alle kor, grupper og forsamlingar som atter har «sunge jula inn» og latt den gode bodskapen, i tallause musikalske uttrykk, få fylle kyrkje, sal og hjarterom! 

Full rett – men til kva?

Refleksjonane innrømmer også at kommersielle krefter ser «julemåneden» desember som  markedsplass for varesalg og eigen popularitet. Herunder også veldig dyktige aktørar som satsar på alternativ musikk i juletida. Det gjer alle sjølsagt med full rett.

Men kontrastane blir somtid store og utfordrande. Lesarinnlegga spør også (med same fulle rett!) om kva ytringar som «Merry fucking Christmas» tener til. Mange av oss ønskjer ei anna overskrift over den jula vi gler oss til og deler med kvarandre.

Med femti års fartstid innan julemusikk av (nesten) alle slag undrast også eg over ein konserttittel med slikt vulgært preg. Samtidig som eg anerkjenner alle desse utøvarane for imponerande musikalske ferdigheter, vart undringa til sorg og skuffelse for det eg opplevde som harsellas over det mest heilage for millionar menneske - «På korset» - endatil med flåsete «korsfesting» på scena. (At eg med dette yter topp markedsføring for neste års forestilling, får vera som det vil.)

Håp og himmel

Millionar  verda rundt har også jula 2018 opplevd styrken og glansen av ei ekte høgtid som overgår alskens flåseri.  Vi kjente atter varmen og styrken i «Deilig er jorden» - som fulltonande uttrykk for Guds himmel over livet og for håpet om «Fred over jorden».

Da blir eit rockeshow med smaklaus tittel og skuffande enkeltinnslag neppe meir enn eit uhørleg pip i det store julekoret. Eg trur trass alt ikkje at vi er på veg tilbake til den mørkaste gammeltida.


Bernt G. Bøe