All rasisme er farleg, fordi også den nazistiske begynte med ord

Holocaustappell Sunndal vidaregåande skole 28. januar 2019.
Meninger

Venner!

Den 27. januar 1945 kom sovjetiske soldatar fram til Auschwitz, den største av dei nazistiske dødsleirane, dit dei fleste fangane kom berre for å døy. Den 27. januar er frigjeringsdagen for Auschwitz. Berre nokre få tusen levande og halvdaude menneske var att der, etter at dei nazistiske fangevoktarane og mordarane hadde rømt unna, dragande med seg på dødsmarsj dei som enda var i stand til å gå. Men sovjetarane kom så raskt at nazistane ikkje hadde tid til å myrde dei som ikkje kunne marsjerast ut, slik dei brukte å gjere. Over ein million menneske blei drepne i Auschwitz, som likevel berre var ein av mange liknande leirar.

Den 27. januar er no den internasjonale Holocaust-dagen, da vi skal minnast Shoah, forsøket på total utrydding av eit heilt folkeslag, dei europeiske jødane, ned til siste spedbarn. Ved ankomst Auschwitz blei jødane selektert – åtskilt - det vil seie at eldre, barn og kvinner med barn blei sendt rett til gasskamra og brennomnane. Det er så ekstremt at det er nesten ikkje til å tru. Men det er sant, likevel. Og hadde det ikkje vore for den sovjetiske krigsinnsatsen, hadde nazistane truleg lykkast med planen sin.

Dette det mest ekstreme eksempelet i historia på rasisme må aldri gløymast. Korfor minnast? Det er så ubehageleg, så ekkelt. Ja, dei som er døde, er døde. Lidingane deira er over, og lidingane til dei overlevande kan vi heller ikkje gjere noko med. Dei som enno lever, ber dei med seg til sin døyan’ dag. Vi skal likevel minnast, ikkje fordi vi kan omgjere fortida, men for framtida si skyld. For at denslags aldri skal kunne skje igjen. For å prøve å forstå det uforståelege – at noko sånt kunne skje i det heile tatt.

Da må vi sjå klart i auga kva rasisme er. Vitskapen seier at «raser» ikkje finst – det vil seie, det finst éin, menneskerasen, homo sapiens. Men den imperialistiske kvasivitskapen som legitimerte undertrykkinga av andre folkeslag i koloniane, kopla til gamle forestillingar om jødane som noko framandt og farleg, noko ukristeleg, blei i nazistisk utgåve folkemordarisk.

All rasisme er farleg, fordi også den nazistiske begynte med ord. «Jødane har skylda for alt» - for alt som er gale, alle våre problem. Ein syndebukk. Og styresmakter oppmuntra denne forestillinga, i mange land, for det tok jo fokuset bort frå misnøye med styresmaktene sjølve og det systemet dei styrte. Såleis for eksempel dei russiske pogromane – pogromi – under tsar-regimet. Tidvise angrep på jødar i russiske byar og landsbyar, oftast oppmuntra av tsar-styret sine agentar.

Men ingenting når opp mot den nazistiske rasismen - ekstra absurd fordi jødar slett ikkje er ein «rase» - meir ein kulturell identifikasjon, ein tradisjon, religiøs eller ikkje-religiøs. Berre nazistane kom på den absurde ideen at ALLE jødar skulle utryddast, berre nazistane prøvde å gjennomføre dette som eit systematisk, organisert, industrielt folkemord - bokstavleg tala, altså ein fysisk likvidasjon av eit heilt folkeslag. Og det begynte altså med ord. Hugs det – og avvis alltid rasistisk skitprat, som somme så lettvint slenger ut av seg. Det er slik det begynner, og under visse omstende og med ein viss type regime, fører det i verste fall til – Auschwitz.


Eg vil avslutte med eit vers frå eit dikt.

Dette er første verset i eit dikt på yidish av Hirsh Glik, ein ung jødisk motstandskjempar – partisan – frå Vilnius (Yidish: Vilne). Eit dikt som blei sin song, Zog nit keynmol, eller Partizanerlid. Glik døydde i kamp mot nazistane, berre eit par og tjue år gammal.


Zog nit keynmol az du geyst dem letsten veg

Khotsh himlen blayene farshteln bloye teg

Vayl kumen vet nokh undzer oysgebenkte sho

Es vet a poyk ton, undzer trot, mir zaynen do!


På norsk (mi gjendikting):

Sei du aldri at du går den siste veg

Om så tung ein sky gjer dagen mørk for deg

Den dag du drøymer om skal demre i din by

Og våre skritt skal høyrast: Vi er her på ny!


Det er eit dikt – ein song – om aldri å gi opp. Og eg vil at vi alle skal love kvarandre å aldri gi opp kampen mot rasisme, same kven rasismen rettar seg mot.


Erling Outzen