FREDAGSTANKAR

Den offentlege fattigdommen

Oppslaga rundt bemanningssituasjonen ved Kringsjå sjukeheim i Kristiansund er ein alvorleg vekkar. Slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Bor vi ikkje i eit av verdas rikaste land?
Meninger

Den offentlege fattigdommen

Det var tidlegare i veka det vart kjent at ein pårørande varsla Fylkeslegen i Møre og Romsdal om at dei svakaste og eldste på sjukeheimen ikkje fekk lov til å stå opp om dagane fordi ingen hadde tid til å hjelpe dei. Det er trist å lese at dei tilsette har varsla om alvorlege avvik 46 gonger der dei ansvarlege i svært liten grad har gjort noko for å rette på tilhøva.

Det er betryggande at både Fylkeslegen og pasient- og brukarombod, Runar Finnvåg, tek bladet frå munnen og er sterk i sin kritikk av kommunen. Eldreminister Åse Michaelsen er klar på at det er lovbrot det som har skjedd ved sjukeheimen i Kristiansund.

Det er ikkje første gongen det blir avdekt lovbrot og for dårleg oppfølging på landets sjukeheimar. NRK har den siste tida vist til fleire kritikkverdige forhold rundt om i landet.

Heldigvis har dei aller fleste som må bu på sjukeheim det bra. Det er enkelthendingar som er med på å dra ned inntrykket. Det er liten tvil om at bemanningssituasjonen mange stader er pressa. Dei tilsette må springe fortare og får for lite tid til å følgje opp den enkelte bebuar. Dette må opplevast veldig belastande også for dei tilsette som gjer så godt dei kan.

Det er ikkje lenge sidan regjeringa lanserte ein ny eldrereform som har som mål at dei eldre skal meistre liva sine lenger og vere trygge på at dei skal få god hjelp når dei har behov for det.

Ei god målsetting som krev ressursar om den ikkje berre skal vere fine ord.

Det er eit alvorleg samfunnsmessig sjukdomsteikn når ein ikkje ser seg råd til å ha ei bemanning som held mål på sjukeheimar der mange må bu i siste fase av livet. Det handlar om å prioritere. Brukar vi fellesskapets pengar på riktig måte? Det er det heilt sikkert mange meiningar om, men når det kjem til eldreomsorg og det å ta seg av folk i siste livsfase, bør vi alle vere einige om at akkurat det må prioriterast. Det skulle berre mangle.

Opp gjennom åra har det vore mange nyheitsoppslag her i landet lik det som no har kome rundt sjukeheimen i Kristiansund. Folk har måtte halde senga til langt på dag, og det har gått både to tre veker mellom kvar gong sjukeheimspasientar får dusje. Oppslaga har ofte ført til stort oppstyr og ekstra pengar – i ein overgangsperiode.

Det blir snakka om den offentlege fattigdommen her i landet. Eit fersk eksempel er den økonomiske krisa i Helse Møre og Romsdal. Det må alvorleg store kutt til for å få økonomien på rett kjøl. Kutta blir så store at det vil ramme oss som brukarar av helsetenestene.

Det er slik at det nær sagt alltid vil vere eit ønske om meir pengar til bruk i helsesektoren. Det vil truleg vere umuleg å gjere alle grupper fornøgde, men vi bør vere einige i at vi skal gje folk som av ulike årsaker må bu på sjukeheim eit verdig opphald på alle vis. Dermed basta!


Ha ei god helg!


Sigmund Tjelle, redaktør