9. september er viktig for kommunal ruspolitikk

Viktig ruspolitisk valdag 9. september
Meninger

Ved kommunevalet 9. september vert dei valt dei som skal styre kommunane dei neste fire åra.  Dei skal og ha hand om saker som gjeld rusfeltet, som skjenkeløyve, førebyggjande arbeid og ettervern. For å få ein ansvarleg ruspolitikk er det viktig at folk og organisasjonar påverkar og får sett edruskapspolitikken på dagsorden i valkampen.

Bruken av alkohol påverkar helsa til den einskilde og har betydning for trivsel og tryggleik i nærmiljøet. Folkehelselova gjev kommunane ansvar for å fremje folkehelsa, førebyggje sjukdom og utjamne sosiale helseskilnader, Eit av dei mest effektive og økonomisk lønsame verkemidla kommunane har for å fremje folkehelsa er alkoholpolitikken. Kommunane avgjer kven som skal få selge og skjenke alkohol, når det skal skje og kva krav som skal settast for å få løyve. Dessutan er det kommunane som skal kontrollere at alkoholloven vert følgd.

Mange stadar er det lett for ruspåverka personar å få servert alkohol, og alkoholsal og skjenking til mindreårige går føre seg i stort omfang. Betre kontroll av butikkar og skjenkestadar og reduserte skjenketider er effektive verkemiddel for å redusere utelivsvald og ungdomsfyll.

Meir enn halvparten av alkoholskadane råkar andre enn brukaren sjølv. Det kan vere vald, trafikkulykker, fosterskader, trugslar, sjikane, ordensuro og fysiske og psykiske skadar på pårørande og andre. Ein god alkoholpolitikk må ta sikte på å redusere konsekvensane av skadar på den tredje part.

Det er og viktig at det er alkoholfrie arenaer både for barn og vaksne. Dette er kommunalt ansvar. Mange stadar har fleire ulike aktørar, som bibliotek, kino, campingplassar og idrettsarrangement fått skjenkeløyve. Dette er ei uheldig utvikling. Det er viktig at barn og unge skal kunne delta på kultur- og idrettsarrangement utan at det er alkohol der.

Mange politiske parti er no i gang med å forme sitt partiprogram for neste valperiode.       

IOGT meiner at følgjande punkt bør vere med i programmet:

1. Ein bør knyte alkoholpolitkk opp til helsepolitikk.

2. Dersom kommunen ikkje har, bør den få ein konkret edruskapspolitisk plan.   

3. Kommunen bør følgje Helsedepartementet si tilråding om bruk av differensierte      

skjenketider. Tidene bør vurderast opp mot omsynet til nærmiljøet.                   

Kommunene bør ikkje  utvide skjenketidene i høve til normaltidene for skjenking.

4. I mange kommunar har det dei siste åra vorte stor auke i talet på skjenkestadar. Det er krevjande å gjennomføre lovpålagt kontroll.

Det er viktig at kontrollen er effektiv. Brot på alkohollova må få konsekvensar som inndrege løyve.

5. Kommunen skal legge til rette for alkoholfrie arenaer både for barn og vaksne. Det skal ikkje vere sal av alkohol på idrettsarenaer, eller i samanheng med idrettsanlegg.

6. For dei som ynskjer råd og rettleiing om rusproblem, skal det vere lett å kome i kontakt med ansvarlege i kommunen.

7. Alle kommunale arrangement skal vere alkoholfrie. 


For IOGT Region Midt-Norge

Per-Arne Lillebø  - regionleiar              

John Almendingen - styremedlem