Samepolitisk arkeologi i Trollheimsområdet

Funnet i Rindalen vart omtala ”med en viss grad av sikkerhet” som Sør-Norges eldste kjente samiske kulturminne. 
Meninger

I eit lesarinnlegg i Driva 6. februar i år, gjev Dordi Skuggevik uttrykk for undring over at arkeologar har funne spor etter det dei meiner er sørsamisk busetting i Trollheimsområdet, frå tida omkring år null. Dordi all grunn til å undra seg. I bladet Spor, utgjeve av Vitskapsmuseet i Trondheim, er det publisert to artiklar (nr. 1, 20017 og nr. 2, 2018) der det er gjort greie for funn av to gammetufter, det eine frå Rindalen, det andre frå Storlidalen. Det som er funne er steinring/jordvoll omkring bålplass. Funnet i Rindalen vart omtala ”med en viss grad av sikkerhet” som Sør-Norges eldste kjente samiske kulturminne. 

Det er Sametingets arkeologar som har vore ute i felten. Det er grunn til å tru at målet for granskingane har vore å finne spor etter eldre sørsamisk busetting. Ein kan spørje kvifor ingen arkeologar frå  Vitskapsmuseet i Trondheim har vore med. Dei har den største kompetansen på området. Då ville ein ha unngått at det kan reisast spørsmål om objektiviteten til dei som tolkar dei arkeologiske funna.   

Dei gammetuftene som er beskrivne er vanskelege å tolke. Vi veit at det gamle fangstfolket budde i gammer/jordhytter eller telt når dei var i fjellet. Dei første vandra frå Møre-kysten opp  i Trollheimen for omtrent 9000 år sidan. Samane tilhører den finsk-ugriske folkegruppa som vandra inn frå området mellom Ural og Volga. Dei nådde dagens Finland omkring år 0, og seinare utover norske fjell i dei neste totusenåra. Det heilt usannsynleg av det var samar i Trollheimsfjella så tidleg som i romersk jarnalder. Eg diskuterte dei nemnde funna med fagfolk ved Vitskapsmuseet. Ein arkeolog eg tala med sa at det ikkje var mogleg å konkludere med at dette var spor etter samisk busetting.    

Dordi er på trygg fagleg grunn nå ho meiner at ho tilhøyrer ”urfolket” på Nordmøre. Det gjer òg. Det er ikkje samane som er urfolk i Trollheimsområdet. Det er det bøgdafolket i Rindal, Oppdal og Surnadal som er, sjølv om Sametingets arkeologar prøver å få oss til å tru noko anna.

Nils Røv