- Vårt samfunn motarbeider at folk gifter seg

Det vart tydeleg for oss etter at vi inngjekk nytt ekteskap i høg alder.
Meninger

Ekteskapet nedprioritert

(Opent brev til familieministeren)

Vårt samfunn motarbeider at folk gifter seg. Det vart tydeleg for oss etter at vi inngjekk nytt ekteskap i høg alder.

Det er det beste vi har gjort etter mange år åleine. Men det straffa seg. Etter kort tid fekk eg brev om at min ektefellepensjon var inndratt.

Når ein har minstepensjon, så betyr det litt å mista 25 000,- i året. Så difor kontakta eg NAV (som ikkje hadde noko med det) etc, til slutt KLP som kunne fortelja at dette er dei firkanta reglane som ikkje er noko å gjera med. Det gjeld ikkje par som inngår sambuarskap, det gjeld berre ved inngått nytt ekteskap, kunne dei konstatera, ikkje for ugifte som flytter saman og har felles utgifter. Enda intensjonen i reglane var at ektefellepensjon skulle kompensera for auka utgifter ved å bu åleine.

Seinare fekk eg også brev frå NAV om at pensjonen, som er minimal frå før, vil bli redusert. Til saman vil eg mista ein tredel av ein liten pensjon.

Er verkeleg familieministeren frå KrF samd i denne urettferda? Eller ønskjer han å gjera noko med det?

Det gjorde ingen forskjell at vi ikkje har flytta saman, men har sereige, kvar vårt hus og adresse, kvar vår hushaldning, kvar vår bil etc. Kort sagt same utgifter som før, bortsett frå ekstra utgifter for å halda kontakt ved 22 mils avstand.

Eg fekk orientering om at eg kunne søkja om utvida trygd, men det var berre i ekstraordinære tilfelle at det vart innvilga, ikkje i tilfelle der ektefellen hadde meir enn minstepensjon. Altså i vår moderne likestilte tid er reglane basert på at ektemaken skal forsørga ein.

Dette var ei stor overrasking, og eg spør no familieministeren om samfunnet vårt verkeleg ønskjer at ekteskapet skal nedprioriterast på denne måten.

Einy Rendal Elgsæther