Er vegen trygg i Kristendalen?

Lesarinnlegg.

Når eg går og kjører forbi denne lause leirskråninga i Kristendalen (mellom Bøfjorden og Settemsdalen; sjå foto), kan eg ikkje unngå å tenkje på faren for ulykke viss partiet på biletet rasar ut (slik det delvis gjer av og til). Nedanfor vegen stupar den høge, oppmura vegskråninga rett ned i Settemselva.  Foto: Bernt G. Bøe

Meninger

Mildver og mykje nedbør utløyser snø-, jord- og leirras mange stader i landet. Er denne skråninga i Kristendalen mellom Bøfjorden og Settemsdalen heilt trygg? Leirsuppa renn stadig ned mot vegen, og det er smalt og høgt ned mot elva som fossar forbi.

Kanskje er det pysete å frykte at noko gale kan skje her. Men betre å nemne det ein gong for mykje enn at noko uventa skal hende. Her fer mange personbilar, vogntog og ikkje minst skulebussar kvar dag.

Så eg håpar inderleg at myndighetene med ansvaret har full kontroll!

Bøfjorden den 24. februar 2019

Bernt G. Bøe