«Vår meining er at helseminister Bent Høie må ta ansvar og rydde opp».

Lesarinnlegg frå styret i Surnadal Arbeiderparti.

Ordførerkandidat Annett Ranes og ordfører og partileder i Surnadal Arbeiderparti, Lilly Gunn Nyheim.   Foto: Geir Forbregd

Meninger

Forslaget om å slå saman fødeavdelingane ved sjukehusa i Molde og Kristiansund, har naturleg nok skapa stor motstand og fått stor mediamerksemd. Det same har forslaget om å leggja ned rehabiliterinssentra, Aure og Mork, og distriktspsykiatrisk senter på Sjøholt.

Surnadal Arbeiderparti har hatt støtteuttale for bevaring av Aure rehabiliteringssenter. Og vi kan ikkje sjå anna enn at alle desse såkalla innsparingstiltaka rammar pasientar og befolkninga i Møre og Romsdal, og spesielt på Nordmøre. Vår meining er at helseminister Bent Høie må ta ansvar og rydde opp.

No vil vi her advare på det sterkaste mot reduksjon/innsparingar i dei prehospitale tenestane (les ambulansetenesta).

I Surnadal har vi to døgnbilar og både ambulansen i Halsa og Rindal fungerer som reservebilar til Surnadal, og Surnadals bilar er reserve til Halsa og Rindal. Ved Rindal sin overgang til Trøndelag kan Rindalsambulansen få tilhaldsstad i Meldal, og dermed lengre unna Surnadal. Kva skjer med ambulansen i Halsa ved komande årsskifte?

Surnadal Arbeiderparti vil no, - før det kjem noko konkret forslag om kvar ein skal spara inn på den prehospitale tenesta, kreva at ambulansetilbodet i Surnadal vert oppretthalde minst på dagens nivå!