Personalsituasjonen i Sunndal rådhus

Sunndal Senterparti stilte spørsmål i siste kommunestyremøte om bemanningssituasjonen i administrasjonen i Sunndal kommune.
Meninger

Det vart peika på mange vakante stillingar, reduserte stillingsprosentar, permisjonar og sjukefravær.

Spørsmålet som vart stilt var om vi klarar å oppretthalde sørvisgraden til publikum og om vi klarar å halde framdrifta i dei kommunale planene med dei ressursane vi har.

I  svaret vart det mellom anna opplyst at assisterande kommunedirektør i 80 % stilling i tillegg skal fungere i stillinga som sjef for plan-,miljø-, og næringstenesta.

Vi er fortsatt bekymra over personalsituasjonen og vil følgje opp dette i førstkomande formannskapsmøte.


Kommunestyregruppa Sunndal Senterparti

           Jørgen Singsdal