Leder

Viktig og riktig med helsehus

Nytt helsehus.: Vedtaket om nytt helsehus er både viktig og riktig.  Foto: Sigmund Tjelle

Nesset kommune har fått store etterlengte investeringar på plass dei seinare åra.

Meninger

Like før påske vedtok kommunestyret i Nesset at det skal byggast nytt helsehus med omsorgsbustader og i tillegg 8 nye PU-bustader på Holtan i Eidsvåg. Planlegginga av helsehuset var godt i gang da det kom uventa krav frå Fylkesmannen og NVE om betre utgreiing av mellom anna faren for flaum på tomta. Krava skapte stor usikkerheit om det i det heile er muleg å nytte tomta ved kommunehuset til formålet. Slik vi forstår vedtaket i kommunestyret skal innvendingane rundt tomta no vere klarert.

Vedtaket var ikkje samrøystes. Eit mindretal på ni representantar meinte bygginga av dei 8 PU-bustadene burde vente og heller bakast inn i 2020-budsjettet for nye Molde kommune. Bakgrunnen er at kommunen, med ei samla investering på nærare 180 millionar kroner, dreg med seg langt større forpliktelsar inn i nye Molde kommune enn det fellesnemnda tidlegare har fått beskjed om. Det er problematisk, men utfordringa er vel  ikkje større enn at den bør kunne løysast.

Leiar i råd for eldre og funksjonshemma i Nesset, Mellvin Steinsvoll, og leiar for utvalet for helse og omsorg, Svein Atle Roset, peikar i eit lesarbrev i dagens avis på at investeringane i nytt helsehus og bygging av nye PU-bustader er ei framtidsretta investering i helse og omsorg i Nesset. Ingen er ueinige i den konklusjonen. Dette blir eit kjempeflott og nødvendig tilbod for framtidige brukarar.

Nesset kommune har fått store etterlengte investeringar på plass dei seinare åra. Nessethallen vart ein ubetinga suksess. Det er gjort kjempestore investeringar ved Nesset omsorgssenter. No kjem både helsehus med omsorgsbustader, ny brannstasjon og oppgradering av barnehagen i Eresfjord på plass. Nesset Kraft er i gang med å bygge ut fiber til alle bygdene i kommunen. Eidsvågområdet har også fått oppgradert vassanlegg. Det er neppe heilt tilfeldig, men det er veldig bra at kommunen no står godt rusta på mange hald før overgangen til nye Molde kommune.