DEBATT

Takk til Nesset formannskap

"Dersom du ikkje er 100 % sikker på at dette er ei fornuftig etablering ber vi om at du tenkjer over at 95% av folkevalgte naboar seier nei."
Meninger

Nesset kommunestyre skal 23. mai drøfta reguleringsplana. Det er for eller imot deponi av uorganisk farleg avfall, - sagt med ærlege ord eit giftdeponi  på Raudsand.

Laurdag 4. mai var alle dei åtte politiske ungdomsorganisasjonane i MR saman med miljøorganisasjonar samla til miljøkonferanse i Molde. Eit unisont nei til deponi av uorganisk farleg avfall vart framført med eit rørande engasjement. Det gjev eit sterkt inntrykk og er eit særsyn at ei sak samlar ALLE politiske ungdomsorganisajonar til eit felles standpunkt: NEI til giftdeponi, - ja til føre var prinsippet og ei trygg framtid til bærekraftige framtidsretta næringar og trygg oppvekst rundt fjorden for kommande generasjonar !

Det var med undring og skuffelse vi las rådmannen i Nesset si innstilling til kommunestyret: «Basert på en helhetlig vurdering, innstiller rådmannen positivt til fordel for BMRs plan». Næringsplana for Nesset seier ja til deponi for reine og lettare forurensa massar, -ikkje tillating for farleg avfall.  Og kommunane rundt fjordbassenget ha bruka si sterkaste makt med å komme med innsigelsar på giftdeponiplanane basert på alvorlege forhold og problemstillingar.  Deponisaka er altså behandla i dei seks nabokommunane til Tingvoll/Sunndalsfjorden samt i fylkesutvalget i Møre og Romsdal.  Heile 108 folkevalgte i nabokommunane og fylket stemte MOT og berre 6 folkevalgte for…. Det vil seia at 95% sa nei og berre 5% sa ja !!!

Dersom vi ser på sjøarealet i fjordsystemet som blir berørt tilhøyrer berre 1% av sjøarealet Nesset! Sagt på ein annan måte: Nabokommunane må ta dei fleste negative konsekvensar som tiltaket kan ha for reiseliv, lokalmat, landbruk, sjømatproduksjon og naturbasert reiseliv!

Kjære kommunestyrerepresentant i Nesset:  Formannskapet hadde heldigvis eit knapt fleirtal mot giftdeponiplanane, og vi ber innstendig om at  dere den 23. mai vil seia NEI til deponiet. Dersom du ikkje er 100 % sikker på at dette er ei fornuftig etablering ber vi om at du tenkjer over at 95% av folkevalgte naboar seier nei. At du ser at naboane til fjordsystemet tek den største risikoen der naboane «eig» 99% av sjøarealet. Og sist men ikkje minst: Det bør gjera inntrykk når alle politiske ungdomsorganisasjonar går knallhardt mot planane.

Er du villig til å ta den risikoen dette medfører for teknisk eller menneskeleg svikt vi veit  før eller seinare vil skje, - enten ved transport, prossesering eller lagring ?

Så ei oppfordring til ALLE politikarar frå heile regionen. Det er behov for ei grundig opprydding på Raudsand.  Dersom Nesset kommunestyre no seier NEI til reguleringsplana for giftdeponiet, - MÅ vi samlast til ein tverrpolitisk verkstad for å krevja at sentrale styresmakter blir sitt ansvar bevisst og bevilgar pengar til ei nødvendig og sikker opprydding av tidlegare «synder» på Raudsand.

Det gler oss stort at ALLE politisk aktive ungdommar frå ytterste høgre til ytterste venstre i Møre og Romsdal er fullstendig einige i ei sak. Grunnen er krystallklar: Dei vil ikkje ta sjansen på etablering av eit giftdeponi på Raudsand fordi: Det er ungdommane som arvar det vi etterlet oss !!!


Framtidsretta helsing frå Tingvoll KrF

Gunnar Waagen