– Ta vare på kvarandre, ver positive og støtte kvarandre

Med eit sitat frå Einar Skjæråsen innleia Nils Ulvund 17.-maitalen sin.
Meninger

Gode sambygdingar! Takk for invitasjonen og tilliten ved å bli invitert.

Gratulerer med grunnlova og grunnlovsdagen.

Dagen er flagg og faner, is og finstas, glede og ettertanke.

Paragraf 93 i grunnlova seier blant anna dette om menneskerettar: Dei statlege styresmaktene skal verne retten til liv og stri mot tortur, slaveri, tvangsarbeid og andre former for umenneskeleg eller nedverdigande behandling.


Einar Skjæråsen sa det slik:


Du ska itte trø i graset.

Spede spira lyt få stå.

Mållaust liv har og e mening

du lyt sjå og tenkje på.

På Guds jord og i hass hage

er du sjøl et lite strå.


Du skal itte sette snurru

når du sir et hara-spor.

Du skal sjå deg for og akte

alt som flyg og spring og gror.

Du er sjøl en liten vek en,

du treng sjøl en storebror.


Her blir vi mint på å ta vare på kvarandre, ver positive og støtte kvarandre. Diktet viser eit menneskesyn som poengterer at alle er verdt noko, alle skal og kan utviklast, og det er opplagt at vi skal støtte kvarandre, ikkje mobbe og plage. Vi er alle små og treng ein storebror. Eg veit at diktet verkar positivt på ungdom, dei oppfattar menneskesynet når dei får det presentert.

Kan menneskerettane i grunnlova vår bli sagt med betre ord?

Men så er det noko Tarjei Vesaas sa: Av og til duger ikkje orda. Ikkje fordi det ikkje finst ord, men fordi dei er ord.

Det må gjerast noko – for kvarandre, ord utan handling er verdilaus.


Bessmor på Børset viste det da eg overnatta hos ho kalde vinterkveldar da eg var liten gut. Ho var varm i tanke, ord og framfor alt i handling: Ho vermte vedakummar i steikeomnen på komfyren, pakka dei inn i avispapir og la de i fotenden i senga. Da somna bessmorguten, trygg og varm.

Bessmor forsto at nøkkelen til å gjera noko stort er å elske den du gjer det for. Eller som sagt i eit arabisk ordtak: Omtanke er halvparten av det ein lever av. Mahmoud, fødd i Eritrea, sa ved kjøkkenbordet på Ålvund i juni 2012: Det er hjartet som ser, ikkje augene. Det er ein seiemåte bruka i Eritrea.


Sjøl om vi kan vera enige med Tarjei Vesaas om at ord ikkje alltid er nok, gjev dei oss ei retning for tanke og handling. Det som samlar oss i Sunndal, er nettopp tanken i diktet. Vi er ein smeltedigel ved at det kom folk frå heile landet ved utbygginga av aluminiumsverket. Først på 60-talet vart delar av fleire kommunar slått sammen til det som no er Sunndal og dei seinare åra har vi hatt ein periode med flyktningar og flyktningemottak.


I Sunndal har vi lært oss å samlast, og å sjå verdien med ulik bakgrunn. «Gje meg handa di ven» er eit godt motto, det er glede og utbytte både av å gje og få.

Språket og språkkulturen fortel betre enn noko anna kva det norske er og kven vi er. Språket fortel kven vi er og kven vi vil vera i Noreg: Varaordføraren i Oslo med røter i Sri Lanka poengterte i 2014 at ved å lære nynorsk får alle i Oslo (også innvandrarar) eit anna blikk inn i det norske. Språk er vane, ved aktivt møte med nynorsk blir Oslo-folk vant med og ført inn i heile det norske på ein betre måte enn utan. Derfor argumenterer ho for at halve skulepensumet skal lesast på nynorsk.


Det norske er meir enn språket. Det vi kallar for norske verdiar, er alment menneskeleg, det gjeld alle. Det er måten vi møtest på som er avgjerande. Om vi møter sambygdingar privat, i organisasjonar, som lærar i møte med mindreårige eller vaksne flyktningar så er det det same.


Søren Kierkegård har sagt noko om å møte medmenneske, om hjelpekunst.

Om jag vill lyckas med att föra en människa

mot et bestämt mål, måste jag först finna denne

der hon är och börja just där.


Glad er den som kan gjera noko for andre, som frivillig på Hydro-cup, som flyktningeven, som strandryddar eller kva det no er.

Enten vi er kristne, muslimar, humanistar eller andre, er vi menneske med dei same behova, gledene og utfordringane.

Skal vi da møte folk med tillit eller mistanke?


Kva er limet vårt? Kva gjer at vi er sunndalingar - øksendalingar, sønndalingar eller ålvundeidingar? Eller er kanskje spørsmålet: Kva gjer at vi er medmennske som set ut i praksis dei grunnleggande menneskerettane? Kanskje bl.a. ved at vi gratulerer sambygdingane våre som skal feire id 4. juni.

La oss derfor alle uansett bakgrunn bli tekne vare på enten det er einslege mindreårige frå f.eks. Eritrea, eigne born eller tradisjonane vi ber med oss. Det gjer vi med å sjå heile mennesket, sleppe til heile mennesket og utvikle heile mennesket.

Lykke til med å praktisere grunnlova med å vere storebror som ser med hjartet.