DEBATT

MDG: - Nye Molde må ta stilling i deponisaken

"Det er merkeleg at kommunestyret i Molde så langt ikkje har hatt ei meining om denne kontroversielle saka."

Carl Johansen. 

Meninger

Torsdag vedtok Nesset kommunestyre ein reguleringsplan som legg til rette for etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand. Sunndal, Tingvoll, Gjemnes, Averøy, Kristiansund og Halsa har levert innsigelse mot deponiet, det same har fylkeskommunen, og motstanden er stor i mange parti i fylket.

Om litt over eit halvår er Nesset ein del av Nye Molde kommune. MDGs lokallag i Molde, Kristiansund, Tingvoll og Hustadvika samt Møre og Romsdal MDG meiner Nye Molde ved fellesnemnda må ta stilling til om kommunen ønsker giftdeponi.

— Nye Molde kommune må ta stilling til denne saken nå, vi kan ikkje sitje på gjerdet lenger. Det er merkeleg at kommunestyret i Molde så langt ikkje har hatt ei meining om denne kontroversielle saka. No blei reguleringsplanen altså vedtatt, men det tyder ikkje at siste ord er sagt. Det er nødvendig at politikarane i Nye Molde kjem på banen no, i staden for å halde fram med å skyve saken framfor seg, seier Rannveig Hana, andrekandidat for MDG i Molde.

Klimakrisa kjenner dei fleste av oss alvoret i. I det siste har stadig fleire blitt klar over at tapet av naturmangfald er like alvorleg som klimakrisa. Artar og miljø inngår ikkje politiske kompromiss - dei har berre tolegrenser. Utslepp av miljøgifter på grunn av eit giftdeponi på Raudsand, anten lokalt eller under transport langs kysten, vil bidra til ein forringelse av naturen som vi ikkje har råd til.

— At ordførar i Molde Torgeir Dahl kallar dette prosjektet sirkulærøkonomi eller ressursgjenvinning, vitnar det om total mangel på forståing av omgrepa. Å opne eit gigantisk deponi i Nesset, vil bli ei unnskyldning for å ikkje gjenvinne. Når det er lett å lagre billig, er det vanskeleg å skifte over til gjenvinning. Det er også fort gjort å tenkje at “ein stad må jo avfallet vere” - men det må det ikkje. Det er fullt mogeleg å gjenvinne størstedelen av avfallet, som svovelsyre og flygeaske. Den resten som faktisk må lagrast, er det lurare å lagre i fleire, langt mindre, tørre deponi, og unngå langtransport av farleg avfall langs utsette kyststrekningar som Hustadvika, seier Hana.

— Når nabokommunane, Miljødirektoratet og fylkeskommunen går mot prosjektet, seier det oss at mange fryktar konsekvensane. Ordførarane i Nesset og Molde stemte, som dei einaste, for deponi då det var oppe i fylkesutvalet. Kva haldning har dei andre politikarane i Molde? Saka skal no opp på nasjonalt nivå. Om det endar med ei godkjenning frå departementet, korleis skal Molde kommune, som då vil vere vertskommune for prosjektet, stille seg? Det treng innbyggarane i både Nye Molde og i Møre og Romsdal ei avklaring på, seier Carl Johansen, førstekandidat for MDG i Møre og Romsdal.