DEBATT

Sve meiner nytt vedtak i nye Molde kommune vil gjere om deponi-vedtak i Nesset

- Eit vedtak gjelder kun til neste vedtak vert fatta. Det betyr at eit nytt vedtak kan gjerast etter valget i nye Molde kommune.
Meninger

 Denne saka kan skape politisk jordskjelv i det politiske miljøet i nye Molde kommune.

 Det er du som innbyggjar som bestemmer om din kommune skal ta imot dritten frå resten av landet og frå utlandet, til ditt nærmiljø.

Det er du som innbyggjar som bestemmer framtida for dine barn og barnebarn, om giftdeponiet på Raudsand er måten å ta vare på framtida til dei som skal bu i området.

 Nytt fleirtal kan stoppe eit giftdeponi, og gjere om reguleringsplanvedtaket.  Det er opp til innbyggjarane i nye Molde kommune, om denne kommunen skal få stempelet som giftdeponikommunen her i landet.


Frp vil stoppe planene om avfallsdeponi på Raudsand i regjeringa

Høyre har ikke en sjanse til å få deponisaka på Raudsand gjennom i regjeringa. Det sier Frp-politiker Frank Sve.


Her blir det innbyggjarane som må ta ansvaret for miljøet i regionen og fjordane, og dette for hundredevis av år framover. Ynskjer folk i framtida og sjå utover ein giftdeponi forrureina fjord, og tenkje attende til den gongen ein trygt kunne gå ut på fjorden med båt, fiske seg matfisk og fange hummer, krabber og reker?

Tenkje attende til den tida då fjordane kunne brukast til oppdrett og sjømatprodukter som var ei av landets viktigaste næringar. Det er du som innbyggjar i nye Molde kommune som bestemmer framtida, og det kan du vere med på å bestemme den 9 september i nytt kommunevalg.

Møre og Romsdal FrP og nye Molde FrP kjem til å kjempe aktivt imot giftdeponiet på Raudsand, og vi vil gjere det vi kan for at vedtaket i Nesset kommune vert oppheva.  Vi i FrP kjem til å gjere det vi kan for at nye Molde kommune, IKKJE skal bli kjent som landets «giftdeponi»

 Det er ditt valg!

Mvh  Frank Sve, Fylkesordførarkandidat, Fylkesleiar og gruppeleiar i  Møre og Romsdal FrP.