Handling no!

Snart skal fylkestinget ta opp saka om å erklære klimakrise etter at ei kampanje for dette har fått over 500 underskrifter.
Meninger

Mange av underskrivarane er ungdommar, inkludert meg. Fleire frå ulike parti har signert, bl.a. Falk Øveraas som er ungdomskandidat for Høgre. Sist veke skreiv han at me måtte gå saman uansett bakgrunn for å erklære klimakrisa, og eg kunne ikkje vore meir einig. Men kva er det godt for at Øveraas vil erklære klimakrise når moderpartiet som leiar regjering har utsleppsfest? Denne veka blei det klart at klimagassutsleppa i Noreg i 2018 auka med 0,4% frå året før. Regjeringas klimapolitikk er ein bløff.

Øveraas fortel om kor truga primærnæringane i Møre og Romsdal er viss me ikkje gjer noko for å stoppe klimaendringane. Alt er rett, men deretter held han fram med at ein hengjer seg opp i «bagatellar» som Møreaksen og å stoppe petroleumsnæringa. NRK Møre og Romsdal publiserte i fjor sommar ei sak om at «Møre og Romsdal topper verstinglista over omdisponering av dyrka matjord.» I FNs naturmangfaldsrapport står det at den største trusselen mot biologisk mangfald er at me byggjer ned areala der artane lever. Meir veg er ikkje vegen å gå – vi kan ikkje ofre matjord og areal der mange ulike dyreartar lever, for vegbyggjing. I staden vil me ha betre kollektivtilbod og at mjuke trafikantar skal ha trygge vegar. Enten ein er barn som går til skule eller vaksen som syklar til jobb.

Å fase ut petroleumsnæringa er naudsynt viss regjeringa skal gjere som dei seier: «Noreg skal oppfylle sine internasjonale forpliktingar i klimapolitikken». Ein bør iallfall ikkje byggje ut oljefelt som kan bli 25 gonger større enn Noregs årlege klimagassutslepp, sånn som dei no nettopp bestemte seg for med Johan Sverdrup-feltet som skal vere i produksjon dei neste femti åra. Det er planlagt å pumpe opp olje 20 år etter at verda må bli klimanøytral. Det vil vare frå mi ungdomstid til eg blir gammal. I tillegg er det forsking på at viss Noreg reduserer petroleumsnæringa, vil det globalt bli slept ut mindre CO(sjå aftenposten.no 21.06.18: «Ti eksperter oppfordrer til kutt i norsk oljeeksport»). I staden aukar altså regjeringa utsleppa – stikk i strid  med det dei seier dei skal. Er det rart at me unge skulkar skulen for å klimastreike når regjeringa ikkje eingong klarar å kutte utsleppa? I Oslo, der MDG har fått posisjon i byrådet, ser ein no resultatet av kva politikarar klarer å kutte i klimautslepp når dei verkeleg vil. Dei har kutta utsleppa med 16% berre dei to siste åra.

I MDGs klimaplan for Møre og Romsdal står det at me må kutte utsleppa av klimagassar innan 2030 med 60% og i 2050 må me ha blitt klimanøytral og vere eit lavutsleppssamfunn. Ein by i fylket har allereie erklært klimakrise, og det er Kristiansund. Heile fylket bør følgje Kristiansunds eksempel. Og når forhåpentlegvis fylkes- og lokalpolitikarar snart har slått fast at vi står midt i ei krise, då er det på høg tid å handle.

Rannveig Hana

Andrekandidat for Molde MDG