DEBATT

Surnadal Høyre og Surnadal Arbeiderparti sin manglande respekt for politiske vedtak

"Om de lurer på kvifor valdeltakinga går ned og politikarforakta aukar, så ligg noko av svaret i den totale mangelen på respekt og lojalitet for eigne vedtak"

Todalen barnehage.  Foto: Gøran Rønning

Meninger

Då Surnadal Kommunestyre torsdag 20.juni i år handsama tertialrapporten for 1.tertial gjorde dei vedtak om å oversende sak til Formannskapet om samlokalisering av Todalen og Stangvik Barnehagar. I realiteten inneber dette ei nedlegging av Todalen Barnehage, fordi fleirtalet for oversending har fleirtal i Formannskap, Hovudutval for Oppvekst og Kommunestyret. Dette vil difor sikre dei fleirtal for samlokalisering av barnehagane og dermed nedlegging av barnehagen i Todalen. Forslaget vart framsett av Surnadal Høyre og fekk full støtte frå representantane i eit samla Høyre og eit samla Surnadal Arbeiderparti. Forslaget inneber at dei som i dag har fått tildelt barnehageplass i Todalen for barnehageåret 2019/20 vil miste dette tilbodet seinast frå 1.1.2020. Dette vil innebere mykje usikkerheit for alle involverte både for born og vaksne.

I Surnadal kommunestyre sitt møte 13.september 2018 vart det samrøystes vedteke å sende ut på høyring framlegg til samlokalisering av Todalen og Stangvik Oppvekstsenter dersom talet på born i barnehagen og på skulen fall under eit minimum. Kommunestyret vedtok at desse minimumstala skulle gjelde for ei eventuell samlokalisering:

Mindre enn 5 born i barnehagen

Mindre enn 20 elevar ved skulen.

Teljetidspunkt vart sett 1.august året før.

Med bakgrunn i høyringssvara stadfesta Surnadal Kommunestyre samrøystes 13.desember 2018 det utsendte høyringsdokumentet. Vedtaket vart grunngjeve med at ein ønskte å sjå om Todalen greidde å snu den negative befolkningsutviklinga og at ein med eit slikt vedtak gav bygda arbeidsro i 2-3 år.

For skuleåret 2019/20 har Todalen Oppvekstsenter 5 ungar i barnehagen og 26 born ved skulen. Altså over det som vart sett som minimumstal i Kommunestyrevedtaket 13.desember 2018. I tillegg vil det utover hausten/etterjulsvinteren bli endå fleire born både ved barnehagen og skulen, dersom dagens vedtak ikkje får dei til å ombestemme seg med tanke på å flytte hit da?

Likevel vel no altså Surnadal Høyre og Surnadal Arbeiderparti å dra ein tjukk svart strek over og sjå heilt bort i frå det halvårsgamle vedtaket som vart samrøystes vedteke 13.desember 2018. Om de lurer på kvifor valdeltakinga går ned og politikarforakta aukar, så ligg noko av svaret i den totale mangelen på respekt og lojalitet for eigne vedtak, m.a. slik som i denne saka.

Kva ligg bak?

Er det ein ny politisk konstellasjon på gang, der Arbeiderpartiet prøver å sikre seg ordføraren og Høyre varaordføraren?

Og til dykk i Arbeiderpartiet som er så opptekne av arbeidstakarane sine rettigheiter og medverknad. Korleis har de ivareteke dette ved å «hoppe» på eit benkeforslag som var ukjent for alle involverte arbeidstakarar?

Mange i Todalen har sidan juni 2018 arbeidd mykje med å få folk til å flytte til bygda. Dette er ein type arbeid som ikkje gjev resultat på kort sikt, men kan ta fleire år. Hovudproblemet vårt er mangel på bustadar, og her i Todalen er det ikkje ein einaste kommunal bustad, berre private. Det har difor teke tid å få kartlagt ledige bustadar og kor mange som var potensielle for eventuell utleige. Dei første tilflyttarane kom i siste halvdel av 2018 i form av utflytta yngre todalingar som hadde etablert seg med familie og flytta heimatt. 3-4 fritidsbustadar er omgjort til heilårsbustadar. Vi opplever no stor pågang frå både frå utflytta todalingar og andre som har lyst til å flytte til Todalen. Problemet er

å finne bustadar til alle. Vi har greidd å finne bustadar til 3 familiar, men dette er per i dag ikkje nok. Dette er folk som flyttar hit frå andre kommunar, og såleis bidreg positivt både med tanke på generell busetting i kommunen og ikkje minst med auka skatteinngang.

Surnadal Høyre og Surnadal Arbeiderparti sitt bidrag til å vere med på å fremje den positive utviklinga vi no endeleg opplever er altså å legge ned barnehagen vår, og i verste fall snu den positive utviklinga. Vi i Todalen trudde noko som var positivt for Todalen også var positivt for Surnadal kommune, men her tok vi tydelegvis heilt feil.

Og korleis har Høyre og Arbeiderpartiet tenkt at dei som ikkje har førarkort skal kunne nytte seg av eit barnehagetilbod som vil ligge 18-22 kilometer unna? Må dei flytte eller skal borna deira ikkje få tilbod om barnehage i det heile?

Til slutt vil eg gje honnør til Senterpartiet, Fremskrittspartien. Kristelig Folkeparti og Miljøpartiet de Grønne for at dei stod rakrygga ved det vedtaket dei gjorde 13.desember 2018. Det er vert å merke seg for ALLE ved det komande valet kva parti ein kan stole på og kva parti ein ikkje kan stole på!

GODT VAL

Todalen 20.6.2019

Bjørn Gunnar Ansnes