- Sunndal driv ei sjølgod dyrking av ein påteken eigenstyrke

Manglande politisk styring i Sunndal fører til tilfeldige administrative løysingar utan politisk tyngde og legitimitet.
Meninger

Etter at folket vendte tommelen ned for Nesset, har vi i Sunndal opplevd ei sjølgod dyrking av ein påteken eigenstyrke. Eigentleg trur vel ingen at dette kan vera ei bærekraftig utvikling på lang sikt. Samarbeid mellom kommunane på Nordmøre er utan tvil einaste vegen å gå for å oppretthalde kommunestrukturen. Kartet som teiknar seg no, er eit veldig redusert Nordmøre. Tingvoll og Surnadal er etter mitt syn dei mest nærliggande kommunane som Sunndal i framtida vil kunne løyse store fellesoppgåver saman med.

Den noverande politiske Ap-leiinga i Sunndal, med ordf. Refstie i spissen, har gjennom snart to valperiodar vore usedvanleg tafatte i verkeleg å ta eit kraft-tak i å bygge opp eit slagkraftig Indre Nordmøre. Det er med ei viss undring eg i Aura Avis les: God sommer til dere alle. Sjøl om det er Agurktid i avisa, så hadde det kanskje vore naturleg at ordføraren hadde hatt velformulerte tankar om korleis han ser for seg ei "spenstig" utvikling i åra som kjem.

I slutten av denne valpererioden har mellom anna to viktige saker for kommunen vore oppe til handsaming. Det gjeld PPT og samarbeidet innan Barnevernet. Dette er viktige oppgåver som vi har løyst på ein god måte gjennom interkommunalt samarbeid. På grunn av utviklinga i kommune/fylkes-struktur, så er desse tjenestene sat i spel.  Handsaminga av desse viktige sakene for våre innbyggarar, er det etter mitt syn grunn til å kritisera. Den politiske leiinga med ordføraren i spissen synest totalt å vera fråverande. Og når "Katten" er borte dansar "Musa" på bordet. Eg er redd for at viktige framtidige interkommunale samarbeidsoppgaver blir tulla bort. Resultatet blir at kommunane blir sittande med tenester av dårlegare kvalitet til høgare pris.

Eg synest ikkje det er grunn til å godta at administrasjonen i kommunen saksbehandlar bort strategisk viktige politiske spørsmål. Derimot må overordna mål vera førande for beslutningane.Vedtaket i K.styret frå desember 2018 om organiseringa av eit muleg framtidig samarbeid om PPT med Både Tingvoll og Surnadal, står utan tvil ved lag. Forhandlingar og avklaringar må gjennomførast av rette vedkommande. Eventuell omorganisering må utsettast til 2021 og oppseiinga av ansatte må da naturleg nok trekkast tilbake.

Seljebø 0307 2019

Endre Seljebø