DEBATT

6 millionar meir til Sunndal

"Det er i kommunen vi lever liva våre. Det er her barna våre veks opp, det er her vi blir gamle – og det er her vi skal ha eit godt liv. Alle saman."

Erling Outzen  Foto: Ingrid E

Meninger

I altfor mange kommunar melder tilsette i barnehagar, skolar og eldreomsorg at dei ikkje får dagane til å strekke til. Da trengst det fleire tilsette, og det kostar pengar. Her svikter regjeringa norske kommunar og barna og dei eldre.

For SV handlar distriktspolitikk om moderne lokalsamfunn der det er trygge og gode arbeidsplassar og der folk har jobb, skole og andre tilbod nær seg. Det må være høg kvalitet på barnehagar, skolar, helsetilbod og kulturtilbod i heile landet.

Kvalitet kostar, og derfor foreslår SV over 5 milliardar meir enn regjeringa til kommunane. Dette skal blant anna gå til fleire tilsette i skolen og barnehagen og eldreomsorga.

Regjeringa har vist at den prioriterer å gi mest til dei som har mest frå før, heller enn midlar til god eldreomsorg, barnehage og skole. Regjeringa kastar bort pengane våre på skattekutt til dei rikaste og privatisering av omsorg og velferd.

SV er det partiet som foreslår mest pengar til kommunane og dei viktige oppgåvene dei har. For Sunndal kommune ville SV sitt opplegg gitt over 6 millionar meir i frie inntekter. I tillegg kjem øremerka midlar, blant anna til kulturskolen. Det er fordi SV meiner at dei oppgåvene som kommunane har ansvaret for er så viktige. Det handlar om kvardagslivet vårt. Og det kvardager det er flest av.

Erling Outzen

Førstekandidat for SV i Sunndal