- Studer partiprogramma og still politikarane til svars før du bestemmer deg

I desse dagar gjeld det å lese og studere lokalprogramma som dei ulike partia har laga til i sine kommunar.
Meninger

For det er det lokale partiprogrammet som er kontrakten. Dersom eg røystar på eit bestemt parti, ventar eg å sjå at partiets representantar i utval, kommunestyre og fylkesting gjer alt det kan for å nå dei måla som partiet har sett seg og for å oppfylle dei ønska som partiet har gitt løfte om. Så er det sjølvsagt å vone at politikken ikkje berre blir til beste for den enkelte, men for fellesskapen, anten det no gjeld til dømes klima, miljø eller rettferdig fordeling av byrder og gode.

Enkelte parti synest å gjere det dei kan for at kontrakten skal vere så upresis og utydeleg som råd. Kanskje dreier partiprogrammet seg nesten berre om eitt eller to programpostar, eller kanskje er løfta formulerte så upresist at dei kan tolkast i alle retningar, som «Medvind på alle sykkelstiar», «Vi tar klimaet på alvor», eller «Bort med eigedomsskatten». Samtidig blir det gjerne gitt inntrykk av at tilbod og tenester i kommunen eller fylket kan gjevast minst like godt med reduserte inntekter.

Ofte er ikkje partia heller alltid så tydeleg på at gjennomføring av programpostar oftast er avhengig av politisk oppslutning og politiske fleirtal. Derfor er det også rart å sjå kva slags alliansebygging som kan skje. Når Venstre nasjonalt ønsker å få til ein betre miljøpolitikk i samarbeid med bil- og asfaltpartiet FrP, eller Kr.F ein strammare ruspolitikk i samarbeid med Høgre og FrP, er det ikkje så lett å forstå. Heller ikkje når det partiet som har vore mest kritisk til den såkalla kommunereformen, samtidig har stått i spissen for dei største og mest gjennom-gripande endringane på Nordmøre, slik SP-ordførarane har fronta kommune- og fylkes-endringane i Halsa og Rindal. Sjølv om vi denne gongen står framfor eit kommune- og fylkestingsval, ventar vi jo at det er ein klar og logisk samanheng mellom den nasjonale argumentasjonen og politikken, og dei lokale standpunkta.

Sjølv om partiprogrammet er godt og gjennomtenkt, hender det rett som det er at det dukkar opp moglegheiter og utfordringar som det ikkje er sagt noko om. Då er det sjølvsagt viktig at politikarane og partia har visse prinsipielle  standpunkt og ein ideologisk plattform, anten det t.d. gjeld privatisering av viktige grunnleggande tenester, eller det gjeld klima, miljø og jordvern, eller det gjeld folkehelseproblematikk. Såleis var det svært overraskande – og uventa i forhold til programformuleringar - når DNA og H i siste periode slo seg saman om å få skjenkeløyve for alkohol inn på Kulturhuset i Surnadal (som samtidig er tilhaldsstad for kino og kulturskole, og turistkontor og fylkes største venterom for buss). Slike hendingar skaper fort mistillit til både politikarar og dei politiske prosessane.

Så derfor: Studer partiprogramma og still politikarane til svars før du bestemmer deg!