Kjent med heile landet?

«Vi tror på Nordland», seier partiet Høyre, og viser eit kjent motiv frå Nordmøre. Det seier mykje om kunnskapen om landet vårt i store delar av leiarskapen i politiske parti og sentraladministrasjon.
Meninger

For her er det gjerne det sentrale Austlandsområdet som er norm og gir retningslinjer for kunnskap om landet vårt, anten det t.d. gjeld skolefag, kommunikasjonar, administrative ordningar, kommune- og fylkesorganisering etc.

Ein av dei viktigaste samfunnsinstitusjonane når det gjeld å gi kunnskap om heile landet, er Norsk Rikskringkasting (NRK). Og her er det heldigvis stadig mykje å gle seg over. Ei av dei spennande satsingane dei siste åra, har vore sommarprogramma, til fots eller med tog eller båt eller campingbil rundt om til og i ulike delar av det langstrekte landet vårt. Dei gir også høve til ikkje berre å vise fram landskapet og naturen, men minst like viktig er det å få fram lokale personar og hendingar som kan vere interessante og nyttige ut over lokalsamfunnet. Slike innslag har NRK heldigvis hatt mange av.

Men samtidig blir det etter mitt syn feil dersom store delar av slike sommarprogram blir fylte opp av underhaldarar og intervjuobjekt frå det sentrale Austlandet, eller av austlendingar som har funne det interessant å busette seg ute i distrikts-Noreg, slik det har vore litt for mykje av t.d. «I sommeråpent» i år. Sjølv om det sikkert krev litt ekstra innsats frå rikskanalen å leite fram godt lokalt stoff frå  t.d. lokalsamfunna rundt Gloppen, Malvik eller Kabelvåg, er eg sikker på at både lokalavdelingane til NRK og andre ville kunne bidra med kunnskap og tips. Og for både barn og ungdom, gamle og nye landsmenn og –kvinner, veljarar og politikarar – ja for oss alle, er det viktig at vi er medvitne om kor mangfaldig og ueinsarta og rikt variert landet vårt er. NRK er ein av dei sterkaste og beste samfunns-institusjonane til å styrke samkjensla og fellesskapen i landet vårt.

Eivind Hasle

6650 Surnadal