Debatt

Dei eldre kjem lite med i kommunestyra

"Valdeltakinga mellom dei eldre er svært bra viser undersøkingar. Det er ikkje det det står på."

Johs Vaag. 

Meninger

Det er ei kjend sak at eldre/pensjonistane i forhold til veljargrunnlaget er sterkt underrepresenterte i kommunestyra rundt om.

For det første er pensjonistane jamt over sterkt underrepresenterte på listene over dei som stiller til val 9. september. For det andre blir det få som blir vald inn i dei folkevalde organa. Dette har leiaren i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal (partipolitisk nøytral organisasjon), Mellvin Steinsvoll, påpeika i eit lesarinnlegg i avisa Tidens Krav av 9. juli i år. Det finst lokale avvik.

Leiar og nestleiar i fylkeseldrerådet i Møre og Romsdal uttala seg slik i eit lesarinnlegg før valet i 2011: «Det er få eldre som står på sikre plassar på partia sine vallister. Skal dei eldre bli valde inn i kommunestyra til hausten, er det i første rekke den eldre del av befolkninga som må sørge for at dette skjer. Med høve til å gje tilleggsstemmer og gje slengstemmer til eldre frå andre parti, kan eldre sjølve avgjere om eldrekandidatane kjem inn i dei demokratiske organa». Det som blei hevda i 2011 trur eg har om lag same aktualitet i dag.

Under fylkeskonferansen «Du haustar som du sår» i Molde 18. oktober 2010 heldt tidlegare MRF-direktør, fylkesmann og fylkesrådmann i Møre og Romsdal, Kåre Ellingsgård, eit interessant foredrag rundt temaet «Bør den eldre delen av befolkningen være representert i de folkevalgte organer?» Ellingsgård sa det mellom anna slik i foredraget sitt: «De eldre representantene kommer aldri i vårt samfunn i noe flertall i forsamlingene slik at de kan bestemme utfallet av voteringene. De vil måtte nøye seg med saklig påvirkning innen parti, gruppe og i de bestemmende organene. At de eldre representantene ikke kan få flertall alene, forhindrer ikke at det er en fordel med flere representanter som kan arbeide sammen og støtte hverandre i eldrepolitikken».

Det høyrer med til historia at Ap-mannen Kåre Ellingsgård var ein svært aktiv folkevald i Molde kommunestyre i mange år som pensjonist. Eit anna døme er John I. Alvheim frå FrP. I høg alder gjorde han som folkevald ein flott innsats for svakstilte grupper i samfunnet.

Valdeltakinga mellom dei eldre er svært bra viser undersøkingar. Det er ikkje det det står på. Ei undersøking som har sett på valdeltakinga mellom dei ymse aldersgruppene, viser at mellom pensjonistane ligg deltakinga på heile om lag 78 prosent. Det er mykje.   

Regjeringa har gjennom Stortingsmeldinga «Leve hele livet» lagt klåre føringar for ei kvalitetshøgding innan eldrepolitikken. Gjennom dette året og vidare dei tre første åra av den komande valperioden, skal kommunane og fylkeskommunane kartlegga eiga stode, planlegge tiltak og gjennomføra desse. Dette viktige arbeidet er avhengig av vilje til å prioritere politikken for dei eldre og at denne politikken blir fremja av dyktige og uredde talspersonar. Dei eldre treng kraftige røyster i kommunestyra, i fylkestinget og ikkje minst i eldreråda. Det er ikkje noko minus å ha livserfaring. Den som har skoen på veit best kor det trykkjer.

Johs. J. Vaag