Debatt

Eldreomsorg og sjukeheimsplassar i Surnadal

"Eg har i fleire lesarinnlegg åtvara mot å legge ned fleire sjukeheimsplassar i den rådande situasjon."

Johs Vaag. 

Meninger

Eg har i fleire lesarinnlegg åtvara mot å legge ned fleire sjukeheimsplassar i den rådande situasjon.Surnadal har på mange måtar ei bra eldreomsorg. Eg stiller meg likevel noko tvilande til om denne omsorga er bra nok tilpassa den store auken av dei eldste eldre som ligg føre oss i åra som kjem. Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingstal viser nemleg ein kraftig auke i talet på personar over 80 år i Surnadal allereie frå dette året av. Få kommunar i fylket vårt vil få ein slik kraftig auke. Grafane viser ei svært så bratt kurve som peikar oppover. Denne situasjonen må takast på fullt alvor.

Eg stiller meg spørsmålet om vi vil ha nok sjukeheimsplassar for dei komande åra. Med høg alder følgjer det gjerne med at det vil bli fleire demente og personar med kroniske lidingar mellom oss. Ikkje alle av desse greier seg åleine i eigen bustad. Det må og takast omsyn til dei pårørande i ein slik situasjon.

Surnadal satsar på heimebaserte tenester og at dei eldre skal bli buande i eigen heim så lenge som mogleg. Det er bra, og Surnadal er veldig flink på dette. Likevel må kommunen ha nok sjukeheimsplassar. Dei som treng ein sjukeheimsplass bør så langt det let seg gjere få denne i eigen kommune.

Surnadal har på relativt få år redusert talet på institusjonsplassar med heile 28 plassar. 15 av desse plassane skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Talet på sjukeheimsplassar er no 62.

Eg har i fleire lesarinnlegg åtvara mot å legge ned fleire sjukeheimsplassar i den rådande situasjon. No vil eg bruke uttrykket sterkt åtvare.

Til slutt vil eg nemne at eg synest framdrifta og prosessen rundt dette med å bygge 14-16 nye omsorgsbustader i nær tilknyting til Surnadal sjukeheim har vore svært så god. Eg håpar framdrifta blir like god frametter.

Johs. J. Vaag