Om regn og samfunnskontrakt

Det regnar ein god del på våre kantar. Men vi bur her likevel. Vi held det ut. For vi veit at regnet er ein ressurs. Vi får noko att for det.
Meninger

Frå regnet blir det laga straum, og med straumen kjem det både arbeidsplassar og inntekter til kommunane. Slik at det kan bu folk her.

Andre stader har dei andre ressursar eller lokaliseringsfordelar. Vi har krafta.

Men no skal vi visst ikkje ha nokon fordelar av det lenger. I sin «visdom» har eit «ekspertutvalg» utnemnt av den blå regjeringa foreslått at alle ordningar som gir inntekter til kommunar med kraftressursar skal fjernast.

«Tilfeldigvis» består «ekspertutvalget» av folk som ikkje bur i utkantane sjølv. Heilt tilfeldig, sjølvsagt, at det er desse personane den blå regjeringa har utnemnt. Heilt tilfeldig at dei no vil sentralisere alle inntektene frå krafta – for dei har no ikkje sentralisert noko anna i det siste, har dei vel?

Ein fransk tenkar som heitte Rousseau meinte ein gong at eit sunt samfunn må vere basert på ein sosial kontrakt mellom styrande og styrte.

Vi har hatt ein slik samfunnskontrakt her i landet. Når det gjeld kraftressursane har den vore ein kontrakt mellom stat, kraftutbyggar og vertskommunar. Som gir fordelar til alle tre partane. Forslaget frå regjeringa sitt «ekspertutvalg» er eit dramatisk brot på denne kontrakten.

Rousseau meinte også at dersom dei styrande bryt samfunnskontrakten har folket rett til å gjere opprør.

Det er stortingsvalg i 2021. Eg berre nemner det.


Erling Outzen

Kommunestyrerepresentant for SV i Sunndal