Debatt

I Hyldbakks ånd

"Unge lesarar må ikkje bli hindra av gammalmodig språk, hugsar eg han sa."

Får støtte: Oddvar Moen støttar Surnadal Heimbygdlag, her ved Svein Sæter, Sverre Hatle og Trygve Roaldset, i dei språklege endringane dei har gjort i det nye opplaget av "Ei haustferd på Nordmøre."  Foto: Magne Lillegård

Nyheter

Surnadal Heimbygdlag har gjeve ut Hyldbakk-klassikaren «Ei haustferd på Nordmøre» i nytt opplag. I Driva den 2. oktober tek Dordi Skuggevik til orde for at opplaget bør brennast. Ho meiner at språket Hyldbakk brukte i 1934 er kastrert. «Det er en sorgens dag», skriv Dordi Skuggevik, for ho reknar med at det stemningsfulle og uttrykksfulle i språket til Hyldbakk er borte. Det siste tyder på at ho ikkje har lese den ny utgåva. Det har ikkje eg heller, men eg vil dele nokre fakta om språksynet Hans Hyldbakk la for dagen i 1990 under arbeidet med den første utgåva av «Vårsøg, dikt i samling».