Innlegg

Takk til Nanna

"Det var ein strålande idé å bruke den gode pennen hennar til ein heil serie."

Svein Sæter. 

Meninger

«Det er sjelden vi får så mange positive tilbakemeldinger som på denne serien», skreiv redaktør Sigmund Tjelle i fredagens Driva. Han viste til «Tusen års levd liv», der Nanna Ranes gjennom hausten har gitt oss mange nære møte med menneske som har levd ei stund.

Også tidlegare har Nanna vist journalistikk av ypparste merke, særleg i møte med medmenneske. Det var ein strålande idé å bruke den gode pennen hennar til ein heil serie.

«Tusen års levd liv» minner meg om ei fast spalte i gamle dagar, nemleg «Driva-visitten». Journalistane besøkte gardsbruk og bedrifter og skular og enkeltpersonar, og skreiv om det dei møtte. Eg huskar at ein folkeminnegranskar ville høre meir om denne journalistikken. Ho sa at «det er godt for oss menneske å veta om kvarandre». Sigmund Tjelle er inne på akkurat det same når han skriv at «vi liker å lese om menneskeskjebner».

Nanna Ranes har utvikla dette vidare. Ho stiller også dei vanskelege spørsmåla, alltid på ein respektfull måte, og så får vi lesarane oppleva at ja; det kan faktisk vera godt å fortelje om det vonde. Det har til og med komme noko godt ut av det, som da Mikkel Berset kom seg til fjells igjen i sommar.

Tusen takk til Nanna, og til Driva, for nær, varm og meiningsfull lesnad.

Svein Sæter