Debatt:

Statleg finansiering av eldreomsorga

- Kan det vere ein tanke for Surnadal kommune å søkje om å bli forsøkskommune?
Meninger

Det er ei kjend sak at det store skilnader mellom norske kommunar når det gjeld nivå og kvalitet på eldreomsorga.


Senter for omsorgsforsking har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet undersøkt stoda innan eldreomsorga i Kommune-Norge. Rapporten syner at der er store skilnader, avhengig av kor du bur i landet. Ei rekkje kommunar har ikkje ei eldreomsorg som oppfyller lova sine krav. Dette er sjølvsagt ikkje bra og må snarast rettast opp. Slik skal vi ikkje ha det i Velferds-Norge!


Ved å innføre statleg finansiering av eldreomsorga, slik FrP ivrar for, vil ein kunne oppnå å få større likskap kommunane i mellom. Svake grupper, som eldre omsorgstrengande gjerne er, vil ved ei slik finansieringsform kunne bli sikra meir like minimumstilbod uansett kor ein måtte bu i dette landet. Gode, framtidsretta og utjamnande forslag om tiltak og opplegg for ei god eldreomsorg bør vurderast seriøst og takast på høgste alvor same kva politisk farge det måtte vere på dei som kjem med forslaga!


Over ein del år no har vi her i landet hatt ei forsøksordning med statleg finansiering av eldreomsorga. FrP har vore ein aktiv pådrivar for dette forsøksprosjektet. Staten betaler i denne samanhengen direkte for eldreomsorga. Kommunane kan da ikkje prioritere ned på dette området. Seks kommunar har i perioden 1. mai 2016 – 30. april 2019 deltatt i forsøksordninga, som er utvida med seks nye kommunar for perioden 2019 – 2022. Helsedirektoratet har det overordna ansvaret og tilsynet med kommunane som deltek i forsøket. Så langt har røynslene med denne forsøksordninga vore avgjort positive og kommunane som deltek er nøgde. Brukarane opplever også at dei får betre medverknad. Skulle ein på sikt få i stand ei slik ordning for heile landet, vil innbyggjarane ha krav på like gode tilbod om ein måtte bu på Aukra eller i Surnadal.


I augustutgåva av bladet Pensjonisten heiter det mellom anna: «Høyre-ordfører Arne Thomassen får ikke fullrost erfaringene med forsøksordningen med statlig finansiering av omsorgstjenestene. Lillesand-ordføreren har hatt styringen i kommunen i 16 år og trekker fram at kommunen hele tiden har drevet effektivt. I forsøket med den statlige ordningen driver Lillesand kommune billigere enn statens enhetspriser, og kommunen har bygget opp et fond på 15 millioner kroner i løpet av de drøye tre årene den har vært med på

forsøksordningen.»

Dette høyrest svært så bra ut. I Midt-Norge er Sp-styrte Stjørdal, med den kjende ordføraren Ivar Vigdenes i spissen, og Ap-styrte Selbu med på ordninga. Ikkje rettare enn vi veit er røynslene gode i desse to kommunane også. Det er elles interessant å merke seg at partia Sp og FrP i Stange, heimkommunen til Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, har gått saman om eit felles forslag der desse to lokalpartia ber rådmannen utgreie ei ordning med statleg styrt eldreomsorg i Stange.


Styreleiaren i KS på landsplan er skeptisk til forsøket med statleg finansiering av eldreomsorga. Dette er ikkje noko nytt frå dette haldet. Det har blitt hevda at får kommunane meir pengar blir det også meir pengar til eldreomsorg. Slik treng det ikkje å gå. Evalueringa av bruken av eldremilliarden kommunane fekk i si tid etter «eldreopprøret», som heidersmannen Per Hovda hadde mykje av æra for, viste at ein stor del av pengane blei brukt til heilt andre føremål enn eldreomsorg.


Kan det vere ein tanke for Surnadal kommune å søkje om å bli forsøkskommune med statleg finansiering av eldreomsorga? Kommunen skulle ha gode førsetnader for å kunne få til dette på ein god måte.


Nils Petter Tonning

Gruppeleiar for FrP i Surnadal kommunestyre


Johs. J. Vaag

Kommunestyrerepresentant for FrP i Surnadal