Debatt

Kva meiner partia i Molde om giftdeponiet?

Interpellasjon i Molde kommunestyre fra Bjørn Jacobsen, SV

OSLO 20051010 Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen, ( Sv ), Møre og Romsdal. Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX  Foto: Sigurdsøn, Bjørn

Meninger

Eventuell etablering av deponi av farleg avfall i Molde kommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune kjem med denne fråsegna:

«Fylkeskommunedirektøren viser til fylkesutvalets motsegn mot reguleringsplan for Raudsand, som no ligg til behandling i Miljødepartementet,

og stiller seg bak dei vurderingane som ligg til grunn for motsegna, og som tør vere kjende også for andre departement. Desse argumenta må tilleggast vekt når det endelege vedtaket om lokalisering skal fattast, uavhengig av om reguleringsplanen vert godkjent eller ikkje.»

I tillegg har ei rekke andre kommunar, organisasjonar og andre protestert på at det kan ligge an til at millionar av tonn med farleg avfall skal importerast til Molde.

Regjeringa har fått laga ein rapport frå eit Ekspertutval om farleg avfall. Molde kommune er i rapporten omtalt som ein av fleire mulege lokasjonar for etablering av deponi av farleg avfall.

Rapporten er lagt ut på høyring slik at Regjeringa i god folkestyretradisjon kan få inn alle innspel som måtte komme.

Drygt 90 organisasjonar, kommunar, personar, politiske parti, private firma med fleire har levert høyringssvar.

Molde kommune har ikkje gitt sitt syn på muleg etablering av deponi for farleg avfall i Molde kommune innan fristen.

Kva meiner Molde kommunestyre om denne saken og vil det vere bra om Molde kommune ga tilkjenne sitt syn på ei sak med så store konsekvensar for miljø og trivsel i kommunen?

Då Porsgrunn kommune var i same situasjon som Molde. Det vil sei aktuell som vertskommune for giftdeponi vedtok dei følgande høyringssvar:

«1. Porsgrunn kommune mener det ikke er rettslig adgang til å vedta en statlig plan med det innholdet som konsekvensutredningen har vurdert, og ber om at prosessen knyttet til etablering av deponi i Dalen gruver i Brevik blir stanset.

2. Subsidiært krever Porsgrunn kommune tilleggsutredninger hvor alle aktuelle og realistiske alternativer/konsepter til deponi blir utredet, slik også kravene til konsekvensutredning i plan- og bygningsloven og kravene til forsvarlig saksutredning i forvaltningsloven § 17 forutsetter. Utredningsinstruksen og Kvalitetssikringsordningen er veiledende for hvilke utredninger som bør gjennomføres.»

Ein kan meine ulikt om ei slik alvorleg sak, men å ikkje sette saken opp i kommunestyret eller å ikkje meine nokke når Regjeringa spør verkar særs passivt når ein tenke på dei alvorlege miljøkonsekvensane som ligg i saken.

Er det fordi ordføraren ikkje vil eller ikkje har nok miljøfagleg fagkompetanse for hand at Molde kommune er heilt taus i denne viktige saken for innbyggarane sin trivsel og miljø?

Bjørn Jacobsen Kommunestyrerepresentant SV