Sp seiler under falsk flagg!

Når eg ser kva dei driver med i Oslo, forstår eg rett og slett ikkje bæra av at Slagsvold Vedum liksom skal samarbeide med den gjengen der!

Frank Sve.   Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

«Sp har full panikk, stuper på meiningsmålingane, og forsøker å vere noko dei ikkje er».

For, kva er Sp egentlig her i fylket?

Partiet med Kristin Sørheim i spissen, har ilag med underteikna og FrP dei siste 8 åra stått for mykje av den same politikken, «stemt for dei same samferdselssaker og vore like aktiv i næringspolitikken som vi i FrP, i Olje og glassfylket Møre og Romsdal».

I sak etter sak har Sp lena seg på oss, og stemt imot spesielt Ap, som i dei siste 8 åra stort sett har søkt «nødhavn» i Høgre, i svært mange saker.

Slett ikkje få gongar underteikna og Kristin Sørheim har laga framlegg ilag, og dette fortsetter også no i denne perioden vil eg tru.

No skal det same Sp samarbeide her i fylket, men også i ei eventuell ryst/raud regjering etter 2021, «med MDG, SV og Rødt» ??

At Slagsvold Vedum har mista grepet på sin «seilas under falsk flagg» er ikkje vanskeleg å sjå, der han forsøker å framstå ueinig med FrP, sjølv om begge våre parti står milevis ifrå MDG, Rødt og SV i det meste av både samferdsel og næringspolitikken i vårt land.

Korleis Sp kan forklare at sin politikk, skal vere i nærheita av MDG, Rødt og SV, er for meg og andre ei gedigen stor gåte.

Partia MDG som forsøker å få til at det Norske folket skal ha «kjøttskam» utfordrar heile Sp sitt grunnlag som bondepartiet.

Får MDG gjennomslag for dette, utfordrar dette ei heil landbruksnæring.

Når eg ser kva dei driver med i Oslo, forstår eg rett og slett ikkje bæra av at Slagsvold Vedum liksom skal samarbeide med den gjengen der!

Flyskam, svindyre drivstoffavgifter, kjøttskam og ein rein bypolitikk, er spesielt MdG og SV sin medisin.

Dette er stikk i strid med Sp sine grunnlag, der folk er avhengige av flytilbudet i distrikta, drivstoffprisar i heile landet som El- bilar/traktorar/ anleggsmaskiner ikkje er eit alternativ eller som ikkje eksisterar, og dei har også ein politikk som overhode ikkje er byfokusert.

Korleis kan Sp samarbeide med MDG og SV?

Skal Sp få sin politikk igjennom her til lands, hjelper det lite å angripe FrP, skal dei få politikken igjennom må dei heller samarbeide med FrP.

Vi i Møre og Romsdal FrP kjem til å fortsatt arbeide for dei viktige sakene her i fylket, ein aktiv samferdselspolitikk, bygge ut våre viktige eksportvegar på E136, E39, samt fortsette å satse på ferjedrifta og på vidaregåande skular.
Kjempe imot vindmøller, giftdeponi på Raudsand og arbeide for utgreiing av Romsdalsaksen.

Vi kjem fortsatt til å kjempe for gode sjukehustilbod i heile fylket, og at nytt sjukehus på Hjelset blir bygd.

Derimot skal utviklingsplanen i Ålesund og Volda sjukehus gjennomførast, samt sørge for eit så godt tilbod som mulig i Kristiansund med fødeavdeling og dertil nødvendige tjenester.

Vi kjem til å fortsette å legge til rette for at vårt fylke fortsatt skal vere Norges største eksportfylke, og eit fylke der olje og gassnæringa fortsatt skal vere svært viktig, samt at «matfylket nr 1» fortsatt skal vere det med ei aktiv landbruksnæring.

Sp «seiler under falsk flagg» dersom dei skal fortsette å samarbeide med MDG, SV og Rødt.

«Heis det fornuftige flagget, og kom dokke ut av sjørøverskuta til MDG, SV og Rødt»

Frank Sve
Fylkesleiar og gruppeleiar i
Møre og Romsdal FrP.