Debatt

Er Møre og Romsdal tent med å være ei slagmark for eit strukturspel?

"Auka elektrifisering fordrar også store investeringar i kraftnettet i åra framover."
Meninger

Vi viser til oppslag i EnergiTeknikk Nett 19. februar. Overskrifta er at Tensio vil styre 132 kV nettet i Møre og Romsdal der kjelde er brev selskapet har sendt Statnett. Dette er vel neppe ein stor overraskelse for nokon, Tensio har vore opne om at dei ser på Møre og Romsdal som eit naturleg ekspansjonsområde for dei. Dette må også sjåast i samanheng med Trønderenergi sitt eigarskap i både Tensio og NEAS. Om ikkje NEAS og Tensio er søstre så er dei i alle høve søskenbarn med eigarskap forankra i Trøndelag. Det er sjølvsagt heilt greitt, alle må kunne ha sine strategiar. Vi i Mørenett har vår strategi som vi også er opne om.

Nasjonalt har vi målsettingar om at elektrifisering skal være eit viktig verkemiddel mot ei grønare framtid. Auka elektrifisering vil også gjere samfunnet meir avhengig av kraftnettet som kritisk infrastruktur. Det er difor viktig med effektive, nøytrale og kompetente aktørar som regionalt kan ta eit ansvar for å vidareutvikle kraftsystemet i heile fylket. DSO rolla med døgnbemanna driftssentral i botnen vil være eit sentralt verkemiddel. Dette føresett samanhengande nett gjennom fylket for å sikre godt koordinert utvikling, bygging og drift av kraftnettet. Eit godt døme på dette er fellesprosjektet Næring og Nett mellom Statnett og nettselskapa i fylket. Som ein del av prosjektet har Statnett vedteke å sette inn ny transformator i Ørskog på Sunnmøre for å auke nettkapasiteten i Romsdal og på Nordmøre.

Auka elektrifisering fordrar også store investeringar i kraftnettet i åra framover. Her vil det være viktig med aktørar som har økonomisk løfteevne til å gjennomføre investeringar utan at dette får for store tariffkonsekvensar for kunden. Skal vi lukkast med desse ambisiøse måla må vi legge til rette for skalafordelar. Møre og Romsdal har i dag ein for fragmentert struktur med store tariffskilnader mellom selskapa. I dag har vi 11 nettselskap innan fylket. Dette er bakgrunnen for vårt initiativ om å arbeide for eit større og bredt forankra nettselskap etablert gjennom ein fusjonsmodell med eigarskap og funksjonar fordelt innan regionen. Dette et det viktigaste verkemiddelet for eit godt kraftnett med rett kvalitet til ein rett og lik pris. Våre berekningar tilseier at eit samla fusjonert nettselskap innan fylket vil redusere nett tariffen til ein hushaldskunde på Nordmøre med om lag 8 øre, eller om lag kr. 1.600,- pr. år. Dette bør vel være interessant?

Vi må difor framover arbeide for modellar som legg grunnlaget for konsolidering og sterkt forankra eigarskap innan fylket fram for å sementere dagens fragmenterte struktur. Ei oppdeling av kraftnettet med DSO rolle og styring av kraftnettet frå Trøndelag vil tvert om splitte kraftnettet innan fylket. I eit strukturspel vil dette kunne være eit mål i seg sjølv, men det tener ikkje Møre og Romsdal som samla region. Vår vurdering er at det heller er viktigare å koordinere nettet mellom Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre enn mellom Trøndelag og Nordmøre.

Rune Kiperberg

Adm. Dir.

Mørenett AS