- Kvifor ikkje bruke dei 150 mill kr som er tappa frå ferjefondet, og bruke desse midlane til tunellsikring i staden for til Opera?

150 mill kr til tunellsikring !
Meninger

« SP og Kristin Sørheim meiner tunellsikring er så viktig, at dei 70 friske mill kr frå regjeringa må brukast til dette i 2020»

- Kvifor då ikkje bruke dei 150 mill kr som er tappa frå ferjefondet, og bruke desse midlane til tunellsikring i standen for til Opera?

Dette er meir enn det dobbelte av det som vart overført frå regjeringa i frie midlar, som Sørheim ynskjer å bruke til tunellsikring, 150 mill kr er vesentlig meir enn 70?

Dersom SP og AP gjer dette, vil dei 70 mill kr som står på disposisjonsfond kunne brukast med svært god samvittighet til å kutte dei to takstaukane i ferjedrifta.

Vi les i media at Operabygget i Kristiansund er kraftig forsinka, og lite tyder på at pengane, 150 mill kr som er tappa frå ferjefondet er mulig å bruke til Opera i 2020.

Så oppmodinga mi til Sørheim og co er,

La prestisje ligge og ta dei 150 mill kr som dokke hadde tenkt å knabbe frå ferjefondet til Opera, og heller bruk desse pengane på tunellsikring.

Dette er midlar frå kapital og infrastrukturfond som sjølvsagt er heilt lovleg å bruke til Investeringar i tunellsikring.

Då vil konsekvensen av dette vere;

- 70 mill kr blir frigitt av driftsfondet, som då meget godt kan brukast til å kutte ferjetakstar.

- 150 mill kr kan brukast til viktig tunellsikring, dobbel sum i forhold til det som Sørheim og co ynskjer å bruke for dette i 2020.

Med andre ord, dersom ein verkeleg ynskjer å prioritere tunellsikring og kutte i ferjetakstane, så er dette såre enkelt å få gjort noko med.

For neste år 2021 og vidare, er ferjetakstane ikkje noko problem.

KrF har lova at Hareide skal «rydde opp» og både Høgre og Venstre her i fylket har proklamert på sine årsmøter at ferjetakstane skal ned.

« Kva var då problemet Sørheim?

- kvifor vil dokke ikkje kutte ferjetakstane? Er det fordi eg og FrP fremmar framlegget om dette?

Ligg det på eit slikt «lavmål»

eller inngår dette ikkje i dykkar planar om distriktsopprør som heilt sikkert SP og Slagsvold Vedum står bak?

Ein har pengane ein treng her i fylket til å kunne fjerne dei to svindyre takstaukane på ferjene, «det er kun vilje og prioriteringar det står i og absolutt ingen verdens ting anna»

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i

Møre og Romsdal FrP.