Debatt

Handle lokalt når mogleg

Lesarinnlegg.

Jenny Klinge, Stortingsrepresentant, Senterpartiet.   Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Meninger

Koronakrisa er meir enn eit helseproblem. No som butikkar og bedrifter kan få store problem på grunn av krisa, ser eg samtidig at folk blir oppmoda om å handle mest mogleg på nett. Eg er sterkt ueinig. Sjølvsagt har eg forståing for at folk er redde for å bli smitta eller for å smitte andre, og netthandel kan vera eit godt alternativ for somme varer uansett. Men vi forbrukarar kan påverke graden av trøbbel som handelsstanden får ut frå kor vi handlar og kor vi legg att pengane våre. Så eg meiner vi skal handle på nett når det er nødvendig, men at vi samtidig bør halde fram med å handle lokalt og i fysiske butikkar når det er mogleg. Dette kan gjerast utan nærkontakt med andre dersom vi er bekymra for smitte. Eg er sikker på at butikkeigarar og tilsette vil leggje til rette for at du får henta og betalt varene utan at du må stå i kø. Kanskje nokon av dei til og med leverer varer utanfor døra di, eller kan sende produktet. (Heimelevering har vi allereie sett fleire døme på dei siste dagane.) Tenk kreativt - og tenk på at vi kjem til å ha behov for lokale verksemder når denne krisa er over òg.»

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet