Debatt

Sve vil ha fylkeskommunal «Coronapakke»

Sender brev til fylkestinget.

Frank Sve.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

Til Fylkestinget i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Kopi: Fylkesordførar/ Fylkesrådmannen.

•. Fylkeskommunal «Coronapakke»

Fleire fylkeskommunar og kommunar kjem no med fleire tiltak for å skape auka aktivitet og sørge for at flest mulig kjem i arbeid.

Vår Statsminister har bedt om at flest mulige som kan arbeide gjer dette, og alt som kan bidrage til at krisa vi er i som nasjon på grunn av Coronaviruset, blir minst mulig.

Både regjering og Stortinget har vore tydelige på at både kommunar og fylkeskommuar skal bli kompansert for kostnadane ved krisehåndteringa, og at vi derfor ikkje må «ligge bakpå» i vår handling som folkevalgte.

Møre og Romsdal fylkeskommune har sjølvsagt sine utfordringar med nedgang i inntekter spesielt innan samferdsel, -men har også betydeleg mindre utgifter på andre områder.

Møre og Romsdal fylkeskommune er for tida i ein god økonomisk situasjon, med eit rekordresultat for 2019, med heile 313,5 mill kr og eit meget solid disposisjonsfond og god likviditet.

Vi må som folkevalgte for fylket også ta vårt tak i dugnaden for å skape mest mulig aktivitet her i fylket så raskt som råd, og vi må handle raskt.

Eg foreslår at fylkesutvalget gjennomfører så raskt som råd eit nettmøte med aktuelle næringsorganisasjonar slik som NHO, LO, Nlf, Bygg og anleggsbransjen osv, for å kunne kartlegge kva tjeneste områder som er mest hensiktsmessig å setje igang med best mulig effekt for flest mulige arbeidsplassar.

Tiltaka bør vere minst mulige slik at ein unngår lange anbudsprosesser og blir låst av EØS systemet.

Eg foreslår følgjande tiltak som må setjast igang av fylkesrådmannen:

- Nettmøte mellom fylkesutvalget og næringsorganisasjonene.(før påske)

- Kartlegging av kva tiltak, prosjekt og vedlikeholdsoppdrag fylkeskommunen kan setje igang innan kort tid, innafor ei kostnadsramme på 100 mill kr, •. dette utover vanlig planlagte prosjekt som ligger i budsjett og investeringsplanar.

- Kartleggje kva tjenestegjør fylkeskommunen kan gjennomføre med små lokale bedrifter, utover det som er gjeldande pr i dag.

- Rask framdrift i «gryteklare» prosjekt, og fortgang i til dømes asfaltering, gang og sykkelvegar, mindre utbetringsprosjekt, vedlikehold av fylkeskommunale bygningar, mindre rassikringstiltak slik som sikring av Ågothammaren, og det store prosjektet rassikring av Eidsdal- Geiranger, som no snart må kunne komme igang med byggjearbeidet.

Eg håpar alle i fylkestinget stiller seg bak ein slik fylkeskommunal tiltakspakke og at vi alle bidreg til mest mulig aktivitet så raskt som råd også i vårt fylke.

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i

Møre og Romsdal FrP