Stausrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Innlegg frå kriseleiinga og 1.-mai-helsing frå ordførar Margrethe Svinvik.
Meninger

Det er vår og om nokre timar er det 1. mai. Mai er vanlegvis ei høgtid for nasjonale og private markeringar og merkedagar, til glede for arbeidsfolk, unge og eldre. Denne våren blir annleis, men vi skal som samfunn forsøke å normalisere oss etter ei tid med nedstenging og forbod. Tida vi har bak oss har gjeve oss både vonde og positive erfaringar som fellesskap, men med dramatiske konsekvensar for mange. Det er ikkje berre å trykke på ein knapp og så er alt bra igjen., men no har vi grunn til å tru at det går rette vegen med rette tiltak og rette handlingar.

Korona-skuggen heng framleis over oss, utan at vi heilt veit kor dette viruset befinn seg til ei kvar tid. Dette er ei langvarig psykisk påkjenning vi ikkje skal undervurdere. Enkelte har hatt, og har framleis, større grunn til bekymring for smitte enn andre. Heldigvis har vi i kommunen vår berre hatt 2 påviste smittetilfelle. Smittetala for Møre og Romsdal fylke ligg omtrent nedst i den nasjonale statistikken etter befolkningstal. Utan at vi skal vere uforsiktige, må vi støtte kvarandre slik at den psykiske korona-skuggen ikkje i like stor grad får halde fram med å tære meir enn sjølve viruset.

Kommuneoverlege Bjørn Buan seier det er gledeleg å sjå at vi beheld den positive utviklinga vi har hatt i kommunen etter eit par veker med gradvis reopning i barnehagar og skule. Tilsette i denne sektoren arbeider under strenge og krevjande smitteverntiltak for at alle skal kjenne seg trygge. For at belastninga ikkje skal bli for stor vil reduserte opningstider bli vidareført ut neste veke, i første omgang. Kommunalsjef i oppvekst, Astrid Mogstad Høivik melder at fylkesmannen har varsla ei nasjonal klargjering av det juridiske tilhøvet mellom reduksjon i opningstid og foreldrebetaling. Det er venta at ei slik klargjering vil komme om kort tid.

I tråd med den positive utviklinga vil kriseleiinga trappe ytterlegare ned på møteverksemda. Den lokale beredskapen er god og vi er budde på det som måtte komme av endringar i korona- situasjonen. Vi får jamlege rapportar om utviklinga innan ulike tenestesektorar og følgjer sjølvsagt situasjonen tett. No skal vi i fellesskap forsøke å slå ned den lokale ringverknaden av viruset på forsvarleg vis. Vi vil fokusere på å rettleie ulike bedrifter og tenesteytarar, som alle har til felles at dei ønskjer å gi eit forsvarleg tilbod til sine brukargrupper og kundar.

Det er ei positiv nyheit at talet på nye arbeidsledige har gått litt ned i takt med reopninga i april. I Surnadal kommune er prosenten på arbeidsledige, jamfør siste NAV-melding 21. april, på 6.6 (ned frå 6.9 den 7. april), i fylket 9.1 og på landsbasis 10.2.

Kommuneoverlegen har vore i dialog med russeleiinga og ønskjer å gi honnør til russen for at dei vil legge seg på ei forsvarleg linje med omsyn til smittevern når det no går mot natt til 1. mai og dei sosiale høgdepunkta for ei bekymringslaus russefeiring skulle ha stått i kø.


Ordførar Margrethe Svinvik kjem her med ei ekstra helsing i høve 1. mai:

1.mai er dagen der viktige saker for arbeidsfolk blir løfta fram. I år blir den tradisjonelle feiringa annleis over heile verda, men vi ser at å halde saman og sørge for eit anstendig og trygt arbeidsliv, er viktigare enn nokon gong. Eg vil her spesielt få takke alle som har heldt hjula i gang i dagane frå nedstenginga 12. mars. Svært mange i kommunen vår har utført arbeid innan reinhald, transport, landbruk, skule, helse, varehandel, industri og mange andre sektorar.

Så er vi glade for alle som no er på tur tilbake; frisørar, tannlegar, fysioterapeutar, barnehagetilsette og fleire andre. Velkommen tilbake! Dessverre er altfor mange framleis permitterte eller arbeidsledige, sjølv om vi har sett ei markant betring dei siste dagane. Det er i hovudsak arbeidsplassar innan reiseliv, varehandel, kultur- og idrett som er hardt råka. Ved å handle lokalt, støtte opp om lokalt kulturliv – kanskje på nye arenaer – og vere turist i eigen kommune, så bidrar vi alle til eit velfungerande og godt arbeidsliv. Kvardagen med arbeid, skule, fritid og å få vere i lag med kollegaer og vener, er det vi saknar aller mest, og snart håpar vi at den normale kvardagen kjem att. Ønskjer dykk alle ein fin 1. mai!

Til slutt:

Ei ekstra oppmoding til dei unge og russen om å ta vare på kvarandre gjennom å halde avstand.


Beste helsing kriseleiinga i Surnadal kommune