Økonomistyring og foreløpig tilsettingsstopp i Sunndal kommune

- Forslaget frå Sunndal Senterparti og dei andre opposisjonspartia kan vise seg å vera eit nødvendig bidrag til berekraftig økonomi i kommunen vår. 
Meninger

Sunndal kommune har no 21 lærlingar. Gjennom mottak av lærlingane tek kommunen på ein god måte ansvar for å skaffe mange ungdommar eit solid utgangspunkt for å gå ut i arbeidslivet. Fleire av desse kan vera interesserte i kommunal stilling, og mange held fram som tilsette her. Men alle er kvalifiserte til å gå inn også i ikkje-kommunale verksemder, og andre arbeidsgjevarar ser på dei som har fått fagbrev gjennom praksis i kommunen som etterspurte arbeidstakarar.

Både lærlingane og private arbeidsgjevarar dreg god nytte av innsatsen kommunen gjer innan lærlingeordninga, og det vil difor vera heilt feil å skrote tilbodet berre fordi ein del ikkje fortsett i arbeid for kommunen.

Da oppvekst- og omsorgsutvalet i april fekk presentert årsreultatet for dei fem tenesteområda som ligg under utvalet, viste det eit samla overforbruk for 2019 på ca 34 mill. kroner i forhold til opprinneleg budsjett. Pleie- og omsorgstenesta stod åleine for 21 av desse millionane. Utvalet vurderte situasjonen som svært utfordrande, og bad kommunedirektøren planlegge tiltak for igjen å skape ei økonomisk berekraftig utvikling for Sunndal.

Etter mange år med diskusjonar har no det etterlyste heiltidsprosjektet endeleg kome i gang. Det vart i fjor utført ei undersøking mellom dei tilsette i pleie- og omsorgstenesta for å kartlegge interessa for å gå opp i 100% stilling. Svara synte at ønsket om fulltidsjobb utgjorde til saman 46 årsverk. I tillegg har mange av vikarane praktisert så lenge i vikariatet (min. 3 år), at dei har krav på fast tilsetting.

Med dette som bakteppe treng ikkje forslaget om ein foreløpig tilsettingsstopp ut 2020 vera nokon dårleg ide. I mange andre verksemder med tilsvarande dramatisk resultatutvikling som Sunndal kommune (resultat 2019 minus 30 mill., økonomiplan 2020 -2023 minus 122 mill. kroner) kjem det raskt forslag om oppseiingar. For Sunndal kommune sitt vedkommande foreslo opposisjonen ein 8 månader lang tilsettingsstopp for å kvalitetssikre behovet for eventuell ny arbeidskraft.

Forslaget frå Sunndal Senterparti og dei andre opposisjonspartia kan vise seg å vera eit nødvendig bidrag til berekraftig økonomi i kommunen vår. På sikt vil god økonomistyring og samfunnsplanlegging vera avgjerande for å nå måla vi har om fleire arbeidsplassar og auke i folketal.


Einar Mo