Debatt

Frank Sve og løgn på løgn

Kristin Sørheim (sp) svarar Frank Sve (Frp).

Kristin Sørheim, Sp 

Meninger


«Skal ein vite kva SP og Kristin Sørheim eigentlig meiner, så må ein velje stikk motsatt av det som blir sagt», og påstår at vi har lova gratis ferjer men har auka ferjeprisane til himmels etter valget, lova lokal vetorett for vindmøller, stemmer imot STOPP vindmøllene på Haramsfjellet, lovar kamp for bøndene, lovpriser MDG og kjøttskam her i fylket.»

Alle desse tre eksempla er reinhekla løgn, det veit Frank Sve, så eg skal ikkje kommentere anna enn akkurat vindmøllene på Haramsøya.

Senterpartiet fremma i 2019 forslag om at kommunane skulle ha veto i saker om vindkraftutbygging. Dette fekk ikkje fleirtal. Verken regjeringa, med FrP i spissen, eller AP vil gje kommunane vetorett. SP i fylket har eintydig sagt at vi er imot vindkraftanlegget på Haramsøya, vi var forslagsstillarar i fylkesutvalet, vi har hatt god kontakt med stortingsgruppa vår. Det er løgn at vi har «instruert» eller bede SP på Stortinget til å stemme imot forslaget frå FrP, det er motsett. Det er heller ikkje sant at SP har stemt imot FrP-forslaget om å stoppe vindkraftutbygging i saker som skal opp for domsstolane. Saka skal behandlast i Stortinget seinare denne veka, og av vår Stortingsgruppe i morgon.

Det er ein usikker veg for vindkraftmotstandarane å gå rettens veg, og det bør vere unødvendig. Om og kvar ein skal bygge ut vindkraft er og bør vere ei politisk avgjerd. Eg meiner det var mogleg å stoppe akkurat denne saka og imøtekomme klagen frå eit samrøystes Haram kommunestyre og fylkesutvalet for olje- og energiministrane frå FrP, Freiberg og Listhaug, eventuelt med settestatsråd for Listhaug. Det gjorde dei ikkje. FrP stemte også imot lokal vetorett i 2019. Men seier dei er for det no. I alle fall i Møre og Romsdal.

Ein stor del av utbygde vindkrafta i Norge er i dag finansiert og eigd av private, og for ein stor del av utanlandske interessentar. Senterpartiet vil ha ei heimfallsordning for vindkraft slik det i dag er for vasskraft. Kanskje er det rett å vurdere ein naturressursskatt på vindkraft, som kjem kommunane til gode. Slik det er i dag, er det småsummar som blir gjeve til kommunane som kompensasjon for arealbruken og ulempene.

Kristin Sørheim (fylkesutvalsmedlem SP)