Brekkøya Camping

Åpent brev til Surnadal kommune.
Meninger

Trudde Surnadal kommune skulle støtte opp om lokale bedrifter. Når ein les om Brekkøya Camping, verkar det som dei gjer tvert imot. Det er vel drivaren som veit korleis ein campingplass må vera. Å legga ein veg gjennom ein campingplass er vel den sikraste måten å øydelegga plassen på. Etter kl. 23.00 er ein campingplass eit stille og avstengt område i motsetning til ein offentleg veg. Når vi og veit at drivaren har planer om å oppgradere plassen, verkar det meiningslaust at kommunen sine planar vil føre til nedgradering, og tap av stjerner.

Vis velvilje og handlingskraft ( diskusjonen om ein liten vegbit har sikkert pågått i ein mannsalder og vel så det) , og vedta no den løysinga som gir den tryggaste vegen for skolebarna og andre mjuke trafikantar, samtidig som det tar omsyn til dei entusiastiske drivarane. Løysinga veit vi finst. At kommunedirektøren hardnakka held på ein gammal og forelda reguleringsplan verkar heilt meiningslaust, etter som reguleringsplanar i andre samanhengar blir sett til side når det passar.( I dag blir det gitt dispensasjon i så og seia alle boligbyggingssaker, begrunna med at reguleringsplanane er for gamle).

Brekkøya Camping er eit stort pluss for bygda, som fortener oppbacking frå kommunen, og ikkje motarbeiding. Skolebarna og dei mjuke trafikantane fortener og den sikraste løysinga med veg bakom plassen og underganng under riksvegen.

MRL