Til sommarsjåføren

Lesarinnlegg.

Kristin Sørheim.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

Ved utgangen av april var Møre og Romsdal det einaste fylket utan trafikkdrepne, i mai hadde vi ei dødsulukke og det same i juni. Møre og Romsdal er eit av fylka med færrast trafikkdrepne. Lat oss gjere alt vi kan for å halde den plassen. Lat oss også prøve å unngå ulukker med alvorlege skader. Kvart liv tapt er eitt for mykje, kvar skade påført i trafikkulukke er ein for mykje.

I sommar kan det bli større trafikk på norske vegar enn vanleg. Mange vel Norgesferie, anten i bil eller på motorsykkel. MC-førarane dominerer på ulukkesstatistikken. Det er ikkje så merkeleg da det er mindre som beskyttar føraren. Kanskje har somme for lite køyre-erfaring. Syklistar og fotgjengarar er også meir utsette når trafikken blir stor.

Trygg Trafikk gjer ein formidabel jobb med opplæring og informasjon. På heimesidene finn du mange tips og gode råd om køyring, sikring, merksemd i trafikken – alt du bør gjere for nettopp å unngå trafikkulukker. I Møre og Romsdal samarbeider fylkeskommunen med Trygg Trafikk om mange tiltak, særleg for barn og ungdom. For at desse skal bli flinke og ansvarlege sjåførar i framtida. Til ungdommen og nyslåtte sjåførar: Bruk det du har lært, ta det med ro, når du er sjåfør er det full merksemd om den oppgåva! Til foreldre- og besteforeldregenerasjonen: Vis ansvar i sommar, set ned farten, stress ned, alkohol og pillar høyrer ikkje saman med bil-, båt- , MC-køyring eller sykling!

Hjelp oss med å nå nullvisjonen – ingen drepne eller hardt skadde i trafikken, verken i Møre og Romsdal eller i resten av landet. Og ha ein riktig fin ferie i vårt fantastisk mangfaldige fylke.

Kristin Sørheim

Leiar i samferdselsutvalet