FrP er imot vindmøller, både på land og til havs

Kun ein ny regjering etter valget neste haust , med eit sterkt FrP som også bør ha Statsministeren, kan hindre utbygging av vindkraft både på land og til havs.

Frank Sve.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

«Det er kun ein ny regjering etter valget neste haust , med eit sterkt FrP som også bør ha Statsministeren, som kan hindre utbygging av vindkraft både på land og til havs»

Dagens regjeringsparti med Erna, Høgre, KrF og Venstre har vist kva dei står for, og ynskjer ein ikkje vindmøller forstår eg lite av at til dømes Høgre fortsatt gjer det godt på meiningsmålingane. KrF og Venstre utraderer seg sjølve og bør kome godt under sperregrensa.

AP har også vist sitt sanne ansikt ang vindmøllepolitikken, og er det partiet med det reelle ansvaret for at utbygginga på Haramsfjellet ikkje vart stoppa.

- AP stemte imot å stoppe utbygginga på Haramsfjellet, samtidig som ordførar i Ålesund og fylkesordførar openlyst forsøkte å bløffe innbyggjarane med at dei kunne gjere noko som helst med saka,

«Noko dei sjølvsagt ikkje kunne, anna enn eit pinleg spel for galleriet»

SP er «ulven i fåreklær». Og, er partiet som ved sin statsråd Riis Johannessen som i 2009 påtvinges øyfolket på Harmsøya statleg plan og gav konsesjon til utbygging.

Etter eit halvt år så var dette gløymt, og folk flest stemmer SP sjølv om dei bryt alt dei står for gong etter gong, legg ned skular, aukar ferjeprisane og brukar pengane på byane og svindyrt bypakker !

Det einaste regjeringsalternativet etter neste valg, som reelt kan påverke og stoppe utbygging av vindkraft, er altså med grunnlag i eit sterkt FrP.

Enkelte forsøker seg med villfarelse om å innføre kinesisk/russisk kommunistisk styresett med Rødt, som aldri heldigvis skal styre dette landet, med bakgrunn i at det «sprett rundt» ein kar som vifter med eit jurist flagg, og brukar lovverket i hytt og pine.

På Haramsøya brukar han plan og bygningslova paragraf 13,1 som grunnlag for å stoppe byggesak, medan dagen etter bruke same lova i Molde ang Raudsand, stikk motsatt for å kunne ta opp igjen hovedplan.

Eg oppmodar alle til å lese kommentarutgåva til plan og bygningslova, som klart og tydeleg viser grunnen til at Rødt aldri skal styre verken Møre og Romsdal fylke eller landet.

«Eg kan på mange måtar og områder vere ueinig med ordføraren i Molde Torgeir Dahl, men eg må berre seie at eg synest syndt i han, med tanke på korleis Rødt oppfører seg i Molde bystyre, rett og slett «greinalaust».

Eg har fulgt med, og når Rødt sin såkalla «stjernejurist» forvaltar ei kommunelov som ikkje finnast andre stadar enn oppe i haudet til Rødt, så er det berre å stemme ned absolutt alt som kjem frå den kanten !

Ei stemne på desse partia, er som vanlig ei stemne som i realiteten vert å «kaste på sjøen»

Eg kan love, at Stortinget vil oppleve ein uredd politikar i fri dressur dersom eg blir nominert i eige parti og kjem på Stortinget til neste haust.

FrP er imot vindkraft både på land og til havs, og eg kjem til som fylkesleiar for landets største FrP lag, til å også her ha svært sterk innflytelse på vårt partiet sin politikk framover.

Så få får folk flest velge,

Øyfolket på Haramsøya veit kven dei måtte stole på ang realisering av Nordøyvegen, og eg håpar dei fleste husker at både store delar av AP, heile SV, og Rødt har vore imot denne vegen.

FrP og Frank kunne dokke stole på i Nordøyvegsaka, og i mange andre store og små viktige saker her i fylket, det kan dokke også gjere når det gjelder «Nei til vindmøller»

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i

Møre og Romsdal FrP.