Kven si stemme, er «en» stemme?

Tilsvar til leder i RB/Leserinnlegg.

Frank Sve.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

«Kvar blir stemma høyrt, til eit stort fleirtal av befolkninga her i fylket som ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer»?

Ja, kvar er denne stemma, når sjølvoppnevnte regionsråd utan mandat eller noko anna frå verken kommunestyra eller befolkninga hevdar at dei har «enerett på å kunne uttale seg» om Nasjonal transportplan.

Kven har NHO bak seg? Ivertfall ikkje transportnæringa eller folket her i fylket, og jaggu har eg snakka med mange i næringslivet som slett ikkje ynskjer ein svindyr Møreakse, som skal presse all transport gjennom djupe tunellar, 8 rundkøyringa og rett gjennom Molde by.

Heldigvis er turneen til Hareide meir som ein høfligheitsvisitt, og eg veit godt kven regjeringa skal forhandle Nasjonal transportplan med i Stortinget for å skaffe fleirtal - her har ivertfall Møre og Romsdal FrP og eg tenkt å forfekte stemma til eit stort fleirtal av befolkninga i heile fylket, og vi brukar å få det slik vi ynskjer i eige parti.

Nye veier AS skal definitivt få prosjektet Ålesund- Molde, og dermed blir alle muligheter opne igjen.

Eg har klokkertru på at Nye veier AS ikkje finn på å bygge noko så «greinalaust» dyrt og unødvendig fjordkryssingsalternativ som Møreaksen faktisk er, men velge fornuft og lytte til folket si vilje her i fylket.

Så RB - er dokke ei avis for folket, eller forfekter dykk kun ordet til nokre sjølvoppnevnte eigenrådige talspersoner i regionråda eller i NHO?

Eg berre stiller spørsmålet. For dykk har verkeleg «glimra med dykkar gråvær med solid styrke» - å faktisk forfekte meininga til eit stort fleirtal her i fylket av befolkninga som ynskjer kryssing av Romsdalsfjorden ved Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.


Mvh
Frank Sve
Fylkesleiar og gruppeleiar i
Møre og Romsdal FrP