Pant for skip må på plass

Maritim næring er i krise. Høgre-regjeringa og Frp kan ikkje stå med hendene i lomma.
Meninger

Seinast neste år må ei god nok panteordning for utrangerte skip vere på plass.

Koronapandemien er den tredje krisa som treff maritim næring i Noreg på 12 år. Bransjeorganisasjonen Maritimt Forum har fått utarbeida ein rapport som syner at nesten annakvar tilsett i næringa kan stå i fare for å misse jobben. Det utgjer 10.000 arbeidstakarar, berre i Møre og Romsdal.

Diverre skortar det så langt på målretta innsats frå Høgreregjeringa og Frp for å halde hjula i gong i maritim sektor. Dei har ikkje prioritert å starte bygging av skip til marine og kystvakt, sjølv om det berre er ei oppstartsøyve som mangler.

Ei såkalla panteordning er på plass, men den er berre på 75 millioner kroner og gjeld berre nærskipsflåten – skipstyper som knapt blir bygd i Noreg. Ei tilstrekkeleg panteordning må vere langt større, både i sum og omfang.

Ei skikkeleg panteordning for utrangerte skip er ikkje berre bra for miljøet, men det vil bidra til auka etterspurnad etter nye skip og moglegheiter for teknologiutvikling – noko heile verftsindustrien sårt treng akkurat no.

Vi krev difor at ei tilstrekkelig panteordning for utrangerte skip kjem på plass snarast – seinast i samband med statsbudsjettet for 2021. Eit samla kyst-Noreg treng handling no.

Per Vidar Kjølmoen, Møre og Romsdal Arbeidarparti
Olav Høydalsvik, Fellesforbundet, Søre Sunnmøre
Hanne Notøy, Ulstein Arbeidarparti.