Debatt:

Blir vi alle styrt av ei bølle?

"Men media stiller i liten grad spørsmålet: korleis kan eit samfunn som USA, med bortimot 330 millionar innbyggarar, ende opp med 2 gamle presidentkandidatar som dei som er i år, og med den eine som direkte uskikka, og den andre tydeleg prega av alder? "

Eivind Hasle. 

Meninger

I 4-5 år har media dagleg fora oss med siste nytt om den amerikanske presidenten – og alt han gjer eller ikkje gjer, og ikkje minst, korleis han oppfører seg i presidentrollen. Svært mange – bortsett frå dei få også i landet vårt som meiner at han fortener Nobels fredspris – meiner han er ein egosentrisk og narsisistisk person, som er kunnskapslaus, vulgær, ein løgnar - og personleg uskikka, sjølv om han i eigne auge er «eit stabilt geni». Valkampen i USA er meir enn noko anna blitt ein valkamp for eller mot personen Donald Trump.

Men media stiller i liten grad spørsmålet: korleis kan eit samfunn som USA, med bortimot 330 millionar innbyggarar, ende opp med 2 gamle presidentkandidatar som dei som er i år, og med den eine som direkte uskikka, og den andre tydeleg prega av alder? Er dette verkeleg dei beste kandidatane det amerikanske demokratiet er i stand til å finne fram til?

Etter 2.verdskrigen var media og samfunnsvitskapen ei stund samde om at det var Hitler som var årsaka til krigen – og det vart skrive tjukke og lærde bøker om kva slags person han var. Men etter kvart vart spørsmålet heller: kva for trekk var det ved det tyske samfunnet og kva slags prosessar var det som hadde gitt ein slik person all makt? På same måten burde det no vere i USA – og også i vårt land: Kva slags samfunnskrefter og prosessar er det som har gitt Trump den mektigaste presidentrolla i verda, og med makt både til å skrote internasjonale våpen- og miljø-avtalar og sette liv og helse i fare – ikkje berre for amerikanarane – men for store delar av befolkninga i verda? For som vi veit eller bør vite: demokratiet er ein risikabel styreform, som stiller krav både til utdanningssystemet, til media, til parti- og valsystemet, til valprosessane og valkampane – og til truverdig og tillitvekkande leiarskap.

Det amerikanske demokratiet kan i dag ikkje vere nokon modell for resten av verda!

Eivind Hasle
6650 Surnadal