Debatt:

Frp vil leggje ned landbruket

Lesarinnlegg. Svar til Frank Sve.

Dordi Boksasp Lerum, leiar i Møre og Romsdal Senterungdom.   Foto: Privat

Meninger

Frank Sve frå Frp skriv i eit innlegg fullspekka med faktafeil og dårlege resonnement sundag 4. oktober at «Senterpartiet og Arbeidarparitet har vedteke at kua i realiteten skal fjernast i Møre og Romsdal fylke innan ti år». Det kan eg avkrefte.

Heilt sidan den gong Bondepartiet vart stifta for 100 år har landbruket, naturen og bonden vore heilt sentral. Det er heilt fullstendig skivebom at dei no påstår at Møre og Romsdal Senterparti er i mot ku og vil leggje ned landbruket. Lat det aldri vere noko tvil om at Senterpartiet alltid vil setje landbruket høgt.

Frp er støttehjulet til ei regjering som har rasert distrikta, beredskapen og ikkje minst landbruket i landet vårt. Gjennom sju år i regjering er Frp ansvarleg for nedlegginga av nesten 5000 bruk. Har dei plutseleg byrja å bry seg om landbruksnæringa no?

Frp er partiet som vil kutte i pengane til bøndene, la marknaden bestemme kor mykje kjøtet skal koste og fjerne kvoteordninga. Om dei får styre landet etter 2021 er det med andre ord eit tydeleg farvel til vestlandsbruka i Møre og Romsdal, og eit stort ja til å erstatte dei med ei handfull gigantgardar på Austlandet.

Ynskjer vi ikkje å framleis produsere trygg og rein mat? Ynskjer vi ikkje å verdsetje den viktige jobben bøndene gjere? Ynskjer vi ikkje at det skal vere mogleg å drive gard i heile landet?

Dei siste sju åra har vi hatt ei Frp-regjering som gang på gang har prioritert vekk norske bønder. Eit Frp som ynskjer import av billeg «klimavenleg» avokado og mandelmjølk produsert av underbetalte barneslavar i u-land, framfor verdas beste og reinaste kjøt produsert i Noreg. Eit Frp vil leggje ned dagens landbruk og erstatte det med ei handfull gigantgardar.

Eg er sjølv odelsjente på eit småbruk innerst i ein fjord mellom bratte vestlandsfjell. Hadde Frp fått fullt ansvar for landbrukspolitikken hadde det betydd kroken på døra for fleire hundre gardar, inkludert min. Er det ei utvikling vi ynskjer?

Valet 2021 blir eit skjebneval. Det blir valet mellom eit levande, trygt og reint landbruk i heile landet, og Frp si vidare rasering av norske gardsbruk.

Eg veit kva eg vel.

Dordi Boksasp Lerum

Leiar, Møre og Romsdal Senterungdom